Veke 12: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 21.03.23 – 28.03.23

  • 12:21 Onsdag ettermiddag rykte vaktlag 4 ut til automatisk brannalarm frå institusjon i Ørsta sentrum.  Orsaken til alarmen viser seg å vere røyk frå matlaging. Brannkonstablane bistod med utlufting og tilbakestilling av anlegget.
  • 18:00 – 20:00 Onsdag øvde stasjon Ørsta på akutt forureining i Ørstafjorden. Senariet var lekkasje frå båt og personar i sjøen. Person i vatnet vart henta ut og utsleppet vart inneringa med oljelenser og trekt til land for oppsuging.
  • 13:36 Torsdag ettermiddag rykte vaktlag 4 ut til automatisk brannalarm frå Ørsta ungdomsskule. Orsaken til alarm var ein inntrykt manuell meldar. Skulen avstilte og tilbakestilde alarmen sjølve.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på farleg gods. Ved hendingar med farlege stoff er det brann og redningsvesenet som rykker ut for å ta hand om det. På Sunnmøre har vi eit samarbeid med alle brannvesena. På Søre Sunnmøre er det Ørsta og Herøy som har utstyr og kjemikaliedykkarar. Vi rykker då ut til nabo kommunane ved behov. I den samanheng har Ørsta ein del verneutstyr og utstyr for å tette lekkasjar alt etter type stoff og eigenskapar. Gass, Væske, fast stoff, giftig, etsande, oksiderande, brannfarleg, med meir.
  • 15:52 Laurdag ettermiddag rykte vaktlag 2 ut til trafikkulukke på Vallabøen. Brannkonstablane sikra skadestad, rydda vegbana og stengde vegen. Dei forulukka vart utsjekka av ambulansen.
  • 19:58 Laurdag kveld rykte brannkonstablar frå Vartdal brannstasjon ut til bustadhus der huseigar lukta svidd og mistenkte at noko ulma. Brannkonstablane gjekk gjennom bustaden og kontrollerte ventilasjon, sikringsskap, m.m. med varmekamera. Ingen ting unormalt.