Synfaring på Bryggekvartalet

Wenche Solheim / Ørsta kommune

Ørsta formannskap og administrasjonen var på synfaring i «Bryggekvartalet» i førekant av møtet i dag. 

Din Bolig AS v/Roar Eiken har omfattande planar for utvikling av gamle Ørsta Fiskemat i Webjørn Svendsen-gata. Dei ynskjer å bygge restaurant/bistro, sportsbar, kafe, takterasse med utesevering, strandpromenade, båtbrygge med flytande sauna og meir. I tillegg skal det etablerast fleire kontor og leiligheiter.

I dagens formannskap tek politikarane stilling om Ørsta kommune kan selje om lag 100 m2 grunn til Din Bolig AS for å sikre prosjektet nok areal knytt til parkeringskrav. Gjennomføringa av prosjektet, er i følgje Roar Eiken, avhengig av dette arealet.

Din Bolig har starta arbeidet inne i bygget, og kjem no med eit framlegg om detaljreguleringsplan for denne tomta. Det kjem også ein søknad om dispensasjon med bakgrunn i reguleringsplanframlegget. Dette for å kunne rive delar av eksisterande bygg. 

Roar Eiken seier at han helst kunne ønske at prosjektet vert ferdig i år, men er usikker på kva tid det vert opning. 

Saksframlegg: Bryggekvartalet - sal av areal

Illustrasjon av Bryggekvartalet. Roar Eiken Wenche Solheim / Ørsta kommune Wenche Solheim / Ørsta kommune

Følg oss