Skår ferjekai vert stengt frå i dag, tysdag 27. mai 2025, kl. 18.00, grunna omsyn til tryggleik.
I samband med arbeid på Skår ferjekai har Ørsta kommune motteke uromelding frå entreprenør om tilstanden på køyrebru/brufront.
Det er avdekt at konstruksjonen på køyrebru/brufront er alvorleg svekt, noko som utgjer ein stor risiko for tryggleiken. Kommunen vedtek difor å stenge ferjekaia for all trafikk inntil ein har fått vurdert styrken på køyrebrua.
Ørsta kommune