Vil du vere valmedarbeidar?

Kommunal- og distriktsdepartemetet, Tore Fjeld

Vi ser etter engasjerte folk som vil vere med og bidra til ei god og sikker valgjennomføring i alle krinsane våre på valdagen 8. september. 

Dette er ei gyllen moglegheit til å lære om val og korleis demokrati fungerer i praksis.
 

Vi ser etter deg som:

  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • Snakkar og forstår godt norsk
  • Er imøtekomande, positiv og har godt humør

Du kan ikkje vere listekandidat ved stortingsvalet 2025 i Møre og Romsdal valdistrikt.

I tillegg må du kunne delta på obligatorisk opplæring i august.
Erfaring med valarbeid vert vektlagt.
 

Arbeidsoppgåver

  • Vakthald og køordnar i og utanfor vallokalet
  • Rettleiing av veljarar
  • Oppteljing av stemmer etter at vallokalet er stengt

Kvar krins har ein leiar og ein nestleiar, og du som valmedarbeidar skal vere ein støttefunksjon til desse. Vi treng valmedarbeidarar i alle krinsane våre, og du kan legge inn ønske om kva krins du vil vere med i. Dersom vi ikkje kan imøtekome ønsket ditt vil du få tilbod om å stille i ein annan krins.
 

Tidspunkt

Du kan velje mellom desse alternativa (huk av i skjema):

  • Vartdal krins kl. 14.00–19.00
  • Hovden krins kl. 14.00–19.00
  • Dalane krins kl. 14.00–19.00
  • Sæbø krins kl. 14.00–19.00
  • Sentrum krins kl. 09.00–16.30 og kl. 16.00–21.00

Valmedarbeidarar ute i krinsane og på siste vakta i Sentrum krins må rekne med å vere med på oppteljing av stemmer etter stengetid.
 

Godtgjersle

Valmedarbeidarar valdagen får ei fast timeløn på kr 258 (før skatt). Lønn vert utbetalt etter timelister ført av leiar i vallokalet.
 

Slik registrar du deg

Alle søknadar skal leverast elektronisk på dette skjemaet:

Registreringsskjema – Valmedarbeidar

Søknadsfrist 12. juni

Tilsetting av valmedarbeidarar skjer fortløpande etter 12. juni. Dersom du får tilbod om stilling som valmedarbeidar vil du få brev om dette, der vi ber om elektronisk signering. Ver merksam på at du må bekrefte tilbodet elektronisk så snart som mogleg.

Meir informasjon om Val 2025

Følg oss