Visuell kunst, kulturkarusell (for born under skulealder) og babysong (kort kurs på 10 veker pr semester) er organisert som gruppetilbod.
Vi har stadig tilbod på teater/drama i kulturskulen – slik vi har hatt i nær 25 år! Også dette tilbodet er organisert som gruppetilbod, og har framsyningar til jul og til sommaren.
Gjennom samarbeidet «Kulturmosaikk» kan våre elevar få tilbod om å delta i fordjupingstilbod organiserte av alle dei 13 kulturskulane på Sunnmøre! Ørsta kulturskule er også drivar av fleire fordjupingstilbod: Tangogruppe, Sunnmøre ungdomssymfoniorkester (i lag med Volda), Kunsten å lage PlingPlong (i lag med Ulstein).
Til hausten startar me opp eit heilt nytt fordjupingstilbod, som har fått namnet «Musaikk». Her får elevane fordjupe seg i studier av særtrekk og teknikkar i ulike verk frå musikkhistorien, for så å gjere seg nytte av desse i ein eigen kreativ og skapande prosess!
Undervisninga i kulturskulen fyl skuleruta, med undervisning i 36 veker.
Meir informasjon om våre tilbod.
Søknadsskjema
Vi tek imot søknader gjennom heile året, men søknader som er komne inn før fristen 15. juni vil ha prioritet når vi gjer opptak for hausten 2025.
Kulturskulen