Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Pårørandedagen 2023: Open dag

Ørsta kommune

I høve Pårørandedagen 22. september inviterer LPP Søre Sunnmøre, tenesta for psykisk helse Ørsta og brukarutvalet innan tenesta til "Open dag" på Møteplassen kafé og aktivitetssenter. 

Det er bere å setje av datoen!  

Tid og stad
Møteplassen kafé og aktivitetssenter, Berte Kanutte-vegen 4.
Kl. 09.30–15.00 (matservering frå kl. 12.00).

Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse Søre Sunnmøre (LPP) vil vere her, og det vert både gratis kaker, kaffi og anna aktivitet.  Det er LPP Søre Sunnmøre, tenesta for psykisk helse og brukarutvalet innan tenesta som står bak.

Vi håper å lage eit fint treffpunkt for fleire denne dagen, både for pårørande, samarbeidspartnerar og andre.  Håper du vil ta turen innom og verte kjend med kva vi har å tilby av teneste og oppfølging i Ørsta. Kanskje har du spørsmål? Vi lovar ein god prat over ein god kaffikopp.

Nasjonalt vert pårørandedagen markert kvart år, og i år er temaet «Worklife balance – eit godt arbeidsliv, eige liv og pårørande liv».

Gjerne del invitasjonen med dei du har lyst å ha med deg!
 

Vil du lese meir om pårørandedagen og årets tema: parorendedagen.no
Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse: lpp.no

Følg oss