Markering av frigjerings- og veterandagen

8. mai vert det markering av 80-årsjubileet for freden – for kommunane på Søre Sunnmøre.

Bysta av Ragnar Ulstein. Ulstein kyrkje i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteBysta av Ragnar Ulstein vart avduka i 2016, og står i parken mellom Ulstein kyrkje og Ulstein rådhus. Janne-Marit Myklebust

Ulstein Mannskor held på tradisjonane, og vil også i år stå for minnemarkeringa utanfor Ulstein rådhus, ved bysta av krigsveteran Ragnar Ulstein. Arrangementet er i samarbeid med dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. 

  • Tid: 8. mai klokka 17.00–18.00
    Stad: Ulstein rådhus

    Program: 

    • velkomst og song ved Ulstein Mannskor
    • appell ved russepresident ved Ulstein vidaregåande skule
    • appell ved ordførar i Ulstein
    • tale ved områdesjef for Heimevernet

Norges Veteranforbund for Internasjonale Oppdrag deltek som æresvakt. 

Visste du forresten at kommunane på Søre Sunnmøre har felles veteranplan? Sjå her (PDF, 641 kB)

Følg oss