Kva meiner du?

Bildet viser snakkebobbler med teksten "Kva meiner du?". - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde.

 

Er du fysisk aktiv i kvardagen? Kva slags anlegg for idrett og fysisk aktivitet er det behov for i Ørsta meiner du? Bli med i spørjeundersøkinga. 


Kva? 

Kommunen ønske innspel frå innbyggjarane for å få betre kunnskap om kva det er behov for  å prioritere framover innan idrett og fysisk aktivitet. 

Alle er også velkomne til å kome med fleire innspel til dette arbeidet ved å ta kontakt. 
 

Kven? 

Spørjeundersøkinga er for alle innbyggjarar i Ørsta kommune og den er anonym.  
 

Kvifor?

Knytt til arbeidet med kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet blir det jobba med medverknad fram mot juli månad. Barn og unge blir invitert til å medverke å seie noko om korleis dei synes det er kjekt å vere i fysisk aktivitet, og kva dei tenker må på plass for at aktivitetsnivået skal auke. Gjennomføring vil skje i tett samarbeid med Ørstabarnehagen og Ørstaskulen. For elevar i Ørstaskulen vert det gjennomført Barnetråkk. Ved kva trinn dette blir gjennomført på er opptil kvar enkelt skule.

Ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for likestilling av funksjonshemma vil medverke på neste møte for å dokumentere status og behov for sine respektive grupper knytt til idrett og fysisk aktivitet.
 

Svar her

Vi set stor pris om du set av eit par minutt og svarer på dette korte spørjeskjemaet:

Spørjeskjema

Frist 

Svarfrist 15. august (oppdatert).

Kontakt 

Har du spørsmål til undersøkinga ta kontakt med folkehelsekoordinator Ingvild Endal:  ingvild.endal@orsta.kommune.no  

 

På førehand takk for hjelpa. 

 

 

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal

Følg oss