Den viktigaste hugselista i jula

Illustrasjonsfoto 

Born merkar at vaksne har drukke, tidlegare enn du trur. Hugs at born likar best vaksne som er trygge og føreseielege, også under julefeiringa.

Snart er det jul igjen, og førjulstida ber ofte preg av alt vi ikkje må gløyme: adventskalender, Luciafeiring i barnehagen, gåveinnkjøp og pynting.

– Vi vaksne brukar mykje tid og krefter på at jula skal bli like magisk som borna drøymer om. Det som er viktig å hugse på, er at det born ønskjer seg aller mest, er trygge og gode vaksne som oppfører seg akkurat slik dei brukar, seier Katrine Gaustad Pettersen, fungerande generalsekretær i Av-og-til.

Ho peikar på at det ofte kan vere vanskeleg for vaksne å oppdage når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for borna. Det vaksne kan oppleve som positive endringar, som at ein ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjere born usikre og utrygge.

– For mange er alkohol ein viktig del av julekosen, og det er heilt greitt. Men vi må hugse at det er vårt ansvar at ikkje alkoholbruken til dei vaksne går ut over julekosen for borna, seier ho.
 

Bruk alkovett i jula

Ørsta er ei Av-og-til-kommune og samarbeidar tett med Av-og-til for å førebyggje og redusere skadeleg alkoholbruk.

– Alle born fortener ei trygg og god julefeiring som kan gi dei hyggjelege minne å ta med seg vidare i livet. Derfor oppmodar vi alle vaksne som skal feire saman med born, om å tenkje over eigen alkoholbruk i jula, seier Ingvild Endal i Ørsta kommune.

Ho oppmodar alle i Ørsta om å ta med seg nokre gode råd om born og alkohol inn i juleplanlegginga.
 

Den viktigaste hugselista i jula:

  • Drikk maks to glas når du er saman med born  

Tenk igjennom på førehand om du skal drikke, og i så fall kor mykje, når det er born til stades. Når born blir spurde, seier fleirtalet at dei ønskjer at vaksne skal drikke null eller berre eitt eller to glas alkohol når dei er saman med dei.  

  • Ver medviten på kor mykje alkohol du kjøper inn

Dess meir alkohol vi kjøper, dess meir drikk vi gjerne også. Pass på å fylle handlekorga med freistande alkoholfrie alternativ, så gjer du det lettare for folk å velje alkoholfritt. Kanskje du kan freiste med ein alkoholfri velkomstdrink eller setje saman ein alkoholfri drikkemeny som er tilpassa julematen?

  • Bli einige med andre vaksne

Skal de feire jul saman med andre vaksne? Då kan det vere fint å avtale på førehand kva som er greitt og ikkje når det er born til stades. Det kan vere lurt at minst éin er edru og kan køyre bil dersom det skulle skje noko.

  • Hugs at born merkar at du har drukke, tidlegare enn du trur

Ofte kan det vere vanskeleg for vaksne å oppdage når det går frå å vere triveleg til å bli ubehageleg for barna. Det vaksne kan oppleve som positive endringar, som at ein ler meir eller snakkar litt høgare, kan gjere born usikre og utrygge. 

  • Ikkje gløym morgondagen

Juleøl og akevitt er ein del av julekosen for mange. Pass på at det ikkje endar med at du neste dag må avlyse skituren, snømannbygginga eller andre juleaktivitetar som heile familien har gledd seg til.   

  • Ver spesielt medviten i feriar og høgtider

For borna er jula er ei spesiell og magisk tid. Julafta er ein dag dei har store forventingar til og gler seg til lenge i førevegen, og minna frå julefeiringa er noko dei tek med seg resten av livet. Det er vårt ansvar å sørgje for at alkoholbruken til dei vaksne ikkje går ut over julehøgtida til borna.

 

Vil du lese meir? 

Besøk Av-og-til på nett: https://avogtil.no/tema/barn-og-unge/

 

 

Følg oss