Ingvild Endal, Av-og-til-koordinator i Ørsta kommune og generalsekretær i Av-og-til, Ragnhild Kask
For barna er jula eit stort høgdepunkt, ja kanskje det største. Lista over ting å gle seg til er lang: adventslys, adventskalender, nissebesøk, peparkakebaking, gåver og fridagar saman med oss vaksne.
Likevel får Av-og-til kvart einaste år høyre historier frå folk som har opplevd at jula blei øydelagd fordi foreldra drakk. Då kan vegen frå å gle seg til jul til å gle seg til jula er over, vere kort.
Det kan vere den vesle jenta som må passe på veslebroren sin, og som blir redd når det kjem framande på julaftan. Eller den vesle guten som blir sitjande og telje kor mange glas moren drikk, og som ventar på at stemninga brått skal snu. Ikkje alle barn sit igjen med berre gode minne frå julefeiring med dei vaksne.
1 av 2 i Ørsta synest at det blir drukke for mykje rundt barn i jula
Så mange som 90 000 barn i Noreg veks opp med ei mamma eller ein pappa som drikk for mykje alkohol. I tillegg kjem alle dei barna som har foreldre som vanlegvis ikkje drikk på ein problematisk måte – men som innimellom gjer det likevel.
Ei undersøking som Ipsos har gjennomført på vegner av alkovettorganisasjonen Av-og-til, viser at 1 av 2 i Ørsta kommune synest at det blir drukke for mykje alkohol med barn til stades i jula. I jula kan det bli vel mange høve til å drikke, og «innimellom» kan skje oftare. Derfor er det viktig at vi reflekterer over kor mange glas det blir, når vi er saman med barn i jula.
«Berre eitt glas til»
For oss vaksne er det lett å tenkje «berre eitt glas til,» men for barna kan sjølv små endringar gjere ein stor skilnad. Barn legg merke til at dei vaksne oppfører seg annleis, som at ein ler og snakkar litt høgare enn vanleg eller klemmer litt lengre. Det kan opplevast utrygt.
Når barn blir spurde, svarer dei fleste at dei vil at vaksne skal drikke null, eitt eller maks to glas saman med dei. Det er eit godt råd å ta med seg inn i juletida.
Ingvild Endal og Ragnhild Kask.
Kai Chen / Chen Media