Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Gebyr for private reguleringsplanar, reguleringsendringar og dispensasjonar

Med heimel i plan- og bygningslova § 33-1, vedtok Ørsta kommunestyre betalingsregulativ i møte 14.04.97, PS 40/97. Regulativet vart sist endra i kommunestyresak PS 06/24:

1. Generelt

LOVHEIMEL_ Plan- og bygningslova §33-1
Ørsta kommunestyre innførte dette betalingsregulativet i møte 14.04.97, sak 040/97.
Regulativet vart sist endra i kommunestyresak 06/24.
 

1. Generelt:
For at eit planframlegg eller søknad om dispensasjon skal verte teke opp til handsaming,
skal det betalast gebyr. Betaling av gebyr påverkar ikkje utfallet av saka, og kan ikkje
krevjast tilbake om det vert gjeve avslag på søknaden. Alle typar planar og planendringar
skal leverast i digital form i samsvar med dei krav til format som til ei kvar tid er gjort
gjeldande.

1.1 Regulativet omfattar slike saker:
a. Private framlegg til reguleringsplanar - detaljplanar (jf. pbl §12-3)
b. Søknad om endring av gjeldande reguleringsplan (jf. pbl. §12-14)
c. Søknad om «mindre endringar» og «små endringar» av reguleringsplan (jf. pbl §12-14)
d. Søknad om dispensasjonar frå arealplanar og/eller lov eller føresegner (jf. pbl. kapittel 19)

1.2 Regulativet omfattar likevel ikkje:
Søknader om dispensasjon som ikkje verkar inn på andre fagmynde sine interesser og som
ikkje treng sendast på ekstern høyringsrunde, herunder mindre tomtetillegg og frådeling av
areal rundt eksisterande bygning som ikkje medfører endra arealbruk og ”frådeling til uendra
bruk”. Desse sakene følgjer gebyrregulativ fastsett for eining byggesak og oppmåling.

1.3 Fritak frå gebyr:Det kan gjevast heilt eller delvis fritak frå handsamingsgebyr dersom alle dei følgjande
vilkåra er oppfylt:
1. Tiltaket må heilt og fullt ha ideelle føremål og/eller tene allmenne interesser. Tiltaket
skal ikkje tene berre ei mindre gruppe personar eller særinteresser
2. Søkjaren må vere lokal foreining eller lag med ideelt føremål, unntaksvis kan også
enkeltperson(ar) vere søkjar
3. Tiltaket skal ikkje tene næringsføremål eller gje inntekter til søkjar
4. Tiltaket må vere av mindre omfang

Dersom det er tvil om eit tiltak eller ein søkjar fell inn under kriteria, kan spørsmålet om fritak
leggast fram for politisk organ samstundes med handsaming av søknaden.

Storleiken på gebyret kan reduserast dersom det openbert må vurderast som urimeleg og i
strid med prinsippet om sjølvkost.

 

2. Handsamingsgebyr

Før saka vert teken opp til administrativ saksførebuing, skal det betalast eit handsamingsgebyr på kr. 15 950.

3. Arealgebyr for reguleringsplanar

I tillegg til handsamingsgebyr skal det betalast eit arealgebyr for handsaming av framlegg til reguleringsplan (detaljreguleringsplan) etter det samla arealet planen omfattar. Dette gjeld byggeområde og fellesområde, vegar og annan privat arealbruk, åleine eller i kombinasjon med andre føremål. Arealbruksføremål knytt til allmenne interesser, offentlege byggjeområde og vegareal, landbruksområde, spesialområde bevaring/vern og andre føremål som ikkje vert rekna som privat arealbruk er unntatt frå arealgebyr. Der byggeføremålet er knytt til punktfeste, skal det reknast arealgebyr etter pkt. 3.2 med 1 daa for kvart pkt.

Der kommunen gjev pålegg om utviding av planområdet for areal som alt er utbygd i samsvar med aktuelt reguleringsføremål, skal dette ikkje inngå i grunnlaget for arealgebyret.

Arealgebyret skal betalast etter at planutvalet har gjort vedtak om utlegging til offentleg ettersyn, men før planen vert annonsert og utlagt til offentleg ettersyn. Dersom planutvalet avviser planen, skal det betalast 50 % av arealgebyret. Dersom forslagstillar krev planen lagt fram for kommunestyret, skal det betalast fullt gebyr uavhengig av utfallet av saka.

3.1 Oppstartsmøte
Fast gebyr for møte i samsvar med pbl § 12-8 1. ledd: kr 5 200,-

3.2 Arealgebyr
a) Fast gebyr inntil 5 000 m² kr. 30 540,-
b) For kvar påbyrja 1 000 m² for areal mellom 5 001 og 30 000 m² kr. 1 975,-
c) For kvar påbyrja 10 000 m² ut over 30 000 m² kr. 3 886,-

3.3 Konsekvensutgreiing
I dei tilfelle reguleringsplanen skal utarbeidast med konsekvensutgreiing (KU), jf. forskrift om
konsekvensutgreiingar, skal det for kommunen sitt arbeid betalast eit gebyr tilsvarande 50%
av pkt. 3.1.a). Utgifter som kommunen måtte ha til ekstern fagleg bistand kjem i tillegg.

3.4 Reguleringsendring og dispensasjon
a) Ved ordinær endring av reguleringsplan gjeld reglane for utarbeiding av ny plan.
b) Ved endring av reguleringsføresegner åleine, skal det berre betalast handsamingsgebyr.
c) Ved «mindre reguleringsendring» skal det betalast handsamingsgebyr etter pkt. 2.
d) Ved «små reguleringsendringar», administrativ handsaming: gebyr kr 5.500,- (kjem i
staden for handsamingsgebyret etter pkt. 2).
e) Ved politisk handsaming av dispensasjonssaker skal det betalast gebyr etter pkt. 2.
f) Ved dispensasjonssaker, administrativ handsaming: gebyr kr. 5.500,- (kjem i staden for
handsamingsgebyret etter pkt. 2).
g) For politisk handsaming av dispensasjonssøknader utan høyring betalast gebyr
tilsvarande 70% av handsamingsgebyret etter pkt. 2. Dersom saka vert sendt på høyring i
ettertid skal gebyret samla samsvare med gebyret etter pkt. 2.

4. Særskilde utgreiingar/undersøkingar

Tiltakshavar må koste granskingar som følgje av kulturminnelova (t.d. arkeologiske undersøkingar), plan- og bygningslova (t.d. flaum- og skredfarevurderingar) og ev. andre særskilde utgreiingar som må gjennomførast som følgje av tiltaket sitt omfang, karakter eller lokalisering.

5. Justering av gebyrsatsane

Gebyrsatsane skal justerast årleg med verknad frå 1. januar.