Skulemiljø

 

 

Stor raud knapp med teksten: MELD FRÅ OM SKULEMILJØ - Klikk for stort bilete

  

Opplæringslova kapittel 9A.

Alle som arbeidar på skulen, skal følge med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.

Alle som arbeider på skulen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigaren i alvorlege tilfelle.

Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, skal skulen snarast undersøker saka.

Når ein elev seier at skulemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skulen så langt det finst eigna tiltak sørge for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.

Skulen skal sørge for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggande omsyn i skulen sitt arbeid.

Skulen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå

a)            kva problem tiltaka skal løyse

b)           kva tiltak skulen har planlagt

c)            når tiltaka skal gjennomførast

d)           kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka

e)           når tiltaka skal evaluerast.

Skulen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til femte ledd

Har du spørsmål i høve regelverket kan du ta kontakt med skulen der barnet ditt er elev. Du kan òg kontakte kommunen som skuleeigar eller du kan vende deg til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.