Ikkje søknadspliktig

Som i den gamle lova vil nokre tiltak vere friteke søknadsplikta, dersom tiltaket er i samsvar med plan. For ei meir detaljert oversikt over kva tiltak som er friteke søknadsplikta, sjå byggjesaksforskrifta (SAK 10) og Plan- og bygningslova § 20-3.

Når eit tiltak er friteke frå søknadsplikta, betyr det at tiltaket er friteke reglane om sakshandsaming i plan- og bygningsloven.

Usikker på om du treng å søke?
Finn det ut ved å prøve veivisarane "Bygg utan å søke" på dibk.no: 

Terrasser, veranda og tilbygg

Garasje, bod eller annen bygning


Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt

For tilbygg inntil 15 m2 og frittliggande byggverk mellom 15 - og 50 m2 skal det innsendast melding om tiltaket når tiltaket er ferdigstilt saman med eit kartutsnitt i målestokk (1:500) på reguleringskart (der det er tilgjengeleg) som syner tiltaket si plassering.
 
 
 

 

Kommune- og reguleringsplan

Sjølv om tiltaket er friteke frå reglane om sakshandsaming (du treng ikkje søke kommunen om løyve) gjeld framleis reglane i kommuneplanen, og reguleringsplanen for din eigedom. For meir informasjon om kva plan som er gjeldande for din eigedom sjå planinnsyn på Ørstakart.no.
 
Det vil seie at dersom ein arealplan fortel deg at det ikkje skal vere leveggar i eit område, er oppsetting av levegg søknadspliktig. Sjølv om tiltaket er friteke reglane om sakshandsaming, må tiltaka framleis tilfredsstille plan- og bygningslova sine materielle krav. Det vil seie at tiltaket må liggje minimum 1,0 meter frå nabogrensa for frittliggjande bygning inntil 50 m2 og minimum 4,0 meter frå nabogrensa for tilbygg, samt ikkje plasserast til hinder for sikt langs vegen.
 
Byggjesaksforskrifta (SAK 10) listar opp ei rekkje tiltak som verken krev søknad eller løyve frå kommunen.
 
Det er likevel høve til å søkje om tiltak som ikkje er søknadspliktige. Det er også høve til å sende inn søknad om løyve til tiltak med bruk av ansvarlege føretak (byggefirma) i dei tilfella lova ikkje krev dette. Ein må då vere klar over at ansvarlege føretak må stå for heile tiltaket som skal utførast.
 
 

Nabovarsel

Då tiltaket ikkje er søknadspliktig er det heller ikkje krav om nabovarsling. Kommunen oppmodar likevel om at ein tek ein prat med naboen.