Mål og rammer for implementering av Rammeplan for SFO i Ørsta
Målet med utviklingsarbeidet for lokal rammeplan for SFO i Ørsta kommune, er å vidareutvikle fagleg og praksisnær kompetanse, som styrkar SFO tilsette sitt arbeid i laget rundt barnet. Det overordna temaet er implementering av rammeplan for SFO med fokus på verdigrunnlag og kvalitetsutvikling.
Etter at nasjonal Rammeplan for SFO kom i 2021, gjekk vi frå bør til skal på alt som SFO skal gjennomføre etter forskrifta. Dette stiller større krav til rektorar og dei tilsette i SFO. Difor har vi starta samarbeid om ei felles kompetanseheving i kommunen.
Det skal vere til saman fire inspirasjonsdagar med erfaringsdeling mellom SFO-avdelingane, der vi skal arbeide med verdigrunnlaget. Siste samlinga blir våren 2024. Det er arbeidsgruppa saman med rektorane som har ansvar for samlingane.
I arbeidsgruppa sit:
Eli Schjøberg, sfo-koordinator ved Hovden skule
Berit Brunvold, rektor Vikemarka skule
Gunn Fremmerlid Brandal, sfo-koordinator Vartdal skule
Bjørg Gjersdal, konsulent OKI
Mari-Anne Aarskog, rådgjevar OKI
Terje Wiik frå nettverk SFO er med som rettleiar.
Kvar SFO skal jobbe med tema mellom samlingane. Rektor og SFO-koordinator ved kvar skule skal leie arbeidet, og set av tid til førebuing før samlingane. Dei har og ansvar for at kvar SFO lagar eigne årsplanar. Å ta barna med i prosessen med å lage ein god årsplan er viktig. Barna kan på denne måten gle seg til å kome til ein trygg og god SFO. Her skal vennskap skapast på kryss og tvers av barnegruppa. SFO skal gi føresette informasjon om tilbodet, avklare forventningar og legge til rette for at føresette kan medverke i arbeidet med å vidareutvikle innhald og kvalitet.
Plan for kompetanseutvikling