Plantevern

Plantevernmiddel kan berre brukast av personar som har autorisasjon. For å få autorisasjon må ein vere fylt 18 år, vere yrkesutøvar og ha fullført autorisasjonskurs. Autorisasjonen gjev løyve til kjøp og bruk av plantevernmiddel.

Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) held autorisasjonskurs og kurs ved fornying av autorisasjonen. Autorisasjonskurset består av ein teoridel samt ein praksisdag med fokus på helse og sprøyteteknikk.

Beviset må fornyast kvart 10. år. Fornying av beviset kan skje ved kurs hjå NLR eller nettbasert i regi av Mattilsynet.

Ein må bestå eksamen for å få autorisasjonsbevis. Eksamen kan ein avleggje på Landbrukskontoret.

Ved bruk av plantevernmiddel skal ein føre logg over bruken av sprøytemiddel (sprøytejournal). Slik journal er eit krav om ein søkjer om produksjonstilskot og i høve Kvalitetssystem i landbruket (KSL).

Sprøytejournal

Kontakt

Guro Sterud Stutlien konsulent
90704501
@ Guro Sterud Stutlien