Prøver

Norskprøve 

Avsluttande prøver i norsk måler skriftlege og munnlege norskkunnskapar på nivåa A1/A2, A2/B1 og B1/B2 ut frå kriteria i det felles europeiske rammeverket for språk

Avsluttande prøve i norsk er obligatorisk for personar med rett og plikt etter integreringslova eller introduksjonslova, med første opphaldsløyve frå og med 01.09.2013.

Norskprøva er gratis EIN  gong for alle som har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Alle andre betaler for testane.

Det vert stilt krav til resultat på norskprøve for å få permanent opphaldsløyve og statsborgarskap.

 

Prøve i samfunnskunnskap

Personar med rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter integreringslova/introduksjonslova, med første opphaldsløyve etter 01.09.2013, må dokumentere kunnskapar om samfunnet for å søkje om permanent opphaldsløyve. Bestått samfunnskunnskapsprøve på valfritt språk, inkludert norsk, vil vere gyldig dokumentasjon.

Samfunnskunnskapsprøva er gratis EIN gong for alle som har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

 

Statsborgarprøva

Er du mellom 18 og 67 år, må du som hovudregel ha gjennomført godkjend opplæring i norsk og samfunnskunnskap og ha bestått prøver i norsk og samfunnskunnskap før du kan bli norsk statsborgar. Informasjon om kva reglar som gjeld for statsborgarskap, finn du på UDI sine sider.

Du må  gjennomføre statsborgerprøva eller samfunnskunnskapsprøva på norsk for å søkje om statsborgarskap. Samfunnskunnskapsprøva på norsk har noko vanskelegare språk enn statsborgerprøva.

 

Prisar 2023

Prisliste prøver vaksenopplæring
Type Pris
Munnleg norskprøve 1 000 NOK
Skriftleg norskprøve 1 000 NOK
Delprøve skriving 700 NOK
Delprøve lesing 700 NOK
Delprøve lytting 700 NOK
Samfunnskunnskapsprøve 700 NOK
Statsborgarprøva 700 NOK


For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med Gunvor Skaar Bondhus