Byggesaksgebyr

Byggehjelparen


A Generelle reglar

A.1 Betalingsplikt

Den som får utført tenester etter dette regulativet, skal betale gebyr i samsvar med satsane og retningslinene i regulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid.

Det skal betalast fullt saksgebyr sjølv om søknaden vert avslegen. Det skal ikkje betalast gebyr av delar av søknad som ikkje er realitetshandsama.

A.2 Gjeldande regulativ

Gebyra skal reknast ut etter det regulativet som gjeld den datoen kommunen registrerer inn ein tilfredsstillande søknad, eller rekvisisjon. Det vil seie at dokumenta stettar dei minimumskrava som er kravd i forskrift.

Der eit tiltak er eit kombinasjonstiltak med fleire ulike og sjølvstendige brukseiningar, skal det betalast gebyr pr. eining. Unntak er vist i B.2.1 b og c.

Opplisting av tiltak under B.1 og B.2 er ikkje uttømande. Kommunen fastset i alle søknadssaker kva punkt i regulativet gebyret skal reknast ut etter.

A.3 Betalingstidspunkt

Alle som får utført tenester etter dette regulativet skal betale gebyr. Gebyret skal utsendast snarast etter at vedtak eller oppgåve er gjort.

Kommunen kan krevje at gebyret er betalt før kommunen si sakshandsaming tek til. For arbeid som skal betalast etter brukte timeverk, skal kommunen ved krav om førehandsbetaling stipulere gebyret. Når kommunen sine arbeid er fullført, skal kommunen rekne ut det endelege gebyret og skrive ut tilleggsrekning eller betale attende for mykje betalt gebyr.

A.4 Urimelege gebyr

Dersom gebyret er klart urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadar kommunen har hatt, kan kommunedirektøren eller den han/ho har gjeve fullmakt av eige tiltak fastsetje eit høveleg gebyr.

Fullmaktshavar kan under same føresetnad og med bakgrunn i grunngjeven søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr. Avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr kan klagast på etter reglane i forvaltningslova.

A.5 Fritak for gebyr

Det kan gjevast heilt eller delvis fritak frå handsamingsgebyr dersom alle dei følgjande vilkåra er oppfylt:

  1. Tiltaket må heilt og fullt ha ideelle føremål og/eller tene allmenne interesser. Tiltaket skal ikkje tene berre ei mindre gruppe personar eller særinteresser.
  2. Søkjaren må vere lokal foreining eller lag med ideelt føremål, unntaksvis kan også enkeltperson(ar) vere søkjar
  3. Tiltaket skal ikkje tene næringsføremål eller gje inntekter til søkjar
  4. Tiltaket må vere av mindre omfang
A.6 Klage

Fastsetjing av gebyr i ei einskild sak etter regulativet, kan ikkje klagast på, jf. § 40 i forvaltningslova. Kommunen si avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr kan klagast påetter reglane i forvaltningslova. Enkeltvedtak etter dette regulativet kan klagast på. Fylkesmannen er klageinstans. Klage på gebyrfastsetjing gir ikkje utsetjing av betalingsfristen. Klagefrist er 3 veker.

B. Tiltakssaker (Bygge og anleggssaker)

B.1 Mindre tiltak på bebygd eigedom som krev søknad og løyve etter PBL § 20-2

B.1.1 Mindre tiltak på bebygd eigedom(jf PBL § 20-4 og Byggesaksforskrifta § 3-1)


a. Tilbygg kr 4 800,-
b. Oppføring, endring, m.v. av mindre frittliggande bygning kr 5 070,-
c. Riving av mindre frittliggande bygning kr 3 490,-
d. Terasse (inkl. utviding/endring) som ikkje er unnateke søknadsplikt kr 3 490,-
e. Støttemur kr 5 800,-
f. Bruksendring mellom tilleggsdel og hoveddel innanfor ei bueining kr 4 860,-
g. Skilt- og reklameinnretning kr 3 490,-
h. Antennesystem kr 3 490,-

B.1.2 Alminnelege driftsbygningar ilandbruket (jf PBL § 20-4 b og Byggesaksforskrifta § 3-2)

a. Oppføring, endring, riving m.v- bruksareal inntil 1000 m2 BRA kr 5 070,-
b. Tilbygg - bygningens totale bruksareal inkl. tilbygg < 1000 m2 BRA. kr 5 070,-

B.1.3 Mellombels bygningar, konstruksjonar eller anlegg (jf PBL § 20-4c)

a. Oppføring av mellombels bygningar, konstruksjonar eller anlegg som ikkje skal plasserast for eit lengre tidsrom enn 2 år kr 5 070,-
 

B.1.4 Andre mindre tiltak (PBL § 20-2d)

kr 5 070,-

B.2 Tiltak som krev søknad og løyve etter PBL § 20-1 og 20-3

Saksgebyr for konstruksjon, anlegg og vesentlege terrengendringar, som er ein integrert del av ein byggesøknad, er medrekna i saksgebyret .

 

B.2.1 Oppføring av bygning (PBL § 20-1 a)

a. Bustad og fritidsbygning (også rorbu) (Bygningstypekode 111-172 og 193-199) kr 17 320,-
b. Bueining m. 2 til og med nr 5 i same bygning pr. bueining: kr 4 120,-
c. Frå og med bueining m. 6 i same bygning pr. bueining: kr 2 550,-
d. Garasje, uthus, naust (Bygningstypekode 181-182) inntil 100 m2: kr 4 800,-
e. Garasje, uthus, naust (Bygningstypekode 181-182) > 100 m2: kr 8 500,-
f. Lagerbygning som ikkje inneheld andre funksjonar kr 11 510,-
g. Kontor, forretning, industri, forsamling og offentlege bygg 1000 m2 BRA eller mindre kr 49 200,-
h. Kontor, forretning, industri, forsamling og offentlege bygg over 1000 m2 BRA kr 58 500,-
i. Andre bygningar 1000 m2 BRA eller mindre kr 55 350,-
j. Andre bygningar over 1000 m2 BRA kr 58 100,-

 

B.2.2 Tilbygg, påbygg, underbygg og plassering (PBL § 20-1 a og d)

For tilbygging av ny(e) bueining(ar) eller tilbygg, påbygg eller underbygg som vesentleg endrar eksisterande bygning, konstruksjon eller anlegg, skal det betalast gebyr som for nybygg.
a. Bruksendring, tilbygg, påbygg eller underbygg. Bruksareal <100 m2 kr 10 282,-
b. Bruksendring, tilbygg, påbygg eller underbygg, Bruksareal 101–200 m2 kr 14 050,-
c. Bruksendring, tilbygg, påbygg eller underbygg, Bruksareal >200 m2 kr 16 500,-
d. Tilbygg, påbygg eller underbygg til rein lagerbygning kr 10 150,-


B.2.3 Fasadeendring (PBL § 20-1 c)

For søknad som samstundes føreset endringar av eksisterande bygning, konstruksjon eller anlegg, skal det i tillegg til gebyr, betalast aktuelt gebyr for endringane.
a. Fasadeendring kr 5 070,-
 

B.2.4 Riving av bygning, konstruksjon eller anlegg (PBL § 20-1 e)

a. Riving av bygning < 100 m2 kr 5 070,-
b. Riving av bygning > 100 m2 kr 6 550,-
 

B.2.5 Arealuavhengege tiltak (PBL § 20-1 b,f, h-i og k-1)

a. Bygningsteknisk installasjonar, installasjon eller rehabilitering/endring kr 5 070,-
b. Skorstein, nyoppføring eller rehabilitering, inkl. eldstad kr 3 490,-
c. Gjerde og innhegning kr 3 490,-
d. Skilt eller reklameinnretning som ikkje tiltakshavar kan stå for sjølv. kr 5 300,-
e. Mindre terrenginngrep, konstruksjonar og anlegg, veganlegg, parkering, damanlegg, flytebrygger, basseng, brønn, røranlegg o.l kr 5 070-
f. Vesentlege terrenginngrep, konstruksjonar og anlegg, veganlegg, parkering, damanlegg, flytebrygge, basseng, brønn, røranlegg o.l kr 16 050,-

 

B.3 Godkjenning av foretak m.v. for ansvarsrett (PBL kapittel 22, 23 og 24)


a. Handsaming av søknad om ansvarsrett som sjølvbyggar kr 1 215,-
b. Handsaming av søknad om lokal godkjenning pr. føretak kr 3 000,-

B.4 Dispensasjon (PBL kapittel 19)

a. Dispensasjon handsama administrativt kr 5 500,-
b. Dispensasjon handsama politisk kr 16 000,-
c. Dispensasjon som gjeld utnytting i eldre reguleringsplanar der tiltaket er i samsvar med etablert praksis eller dispensasjon i LNF-område som gjeld mindre endringar på tiltak som allereie er etablert etter løyve frå kommunen, og der det ikkje er naudsynt å sende søknaden på høyring kr. 3 200,-

B.5 Deling og grensejustering avgrunneigedom eller festetomt/festepunkt (PBL § 20-1 m)

a. Frådeling og grensejustering pr. søknad kr 3 800,-

B.6 Endringar i høve gitt løyve

a. Mindre endringar i saker etter pbl § 20-4 kr 2 640,-
b. Mindre endringar i saker etter pbl § 20-1 kr 3 900,-
c. Større endringar utløyser ny handsaming

B.7 Mangelfull søknad eller melding

a. Etterlysing av manglande dokumentasjon i søknad utan ansvarlege føretak kr 1 250,-
b. Etterlysing av manglande dokumentasjon i søknad med ansvarlege føretak kr 3 000,-

B.8 Igangsettingsløyve

Igangsettingsløyve, eit gebyr per løyve kr 4 230,-

B 9 Ulovlege byggearbeid

Ulovlege byggearbeid vert handsama i samsvar med plan- og bygningslova kapittel 32.

Kontakt

Johnny Saure Riise tenesteleiar
41235293
@ Johnny Saure Riise
Kristin Høydal byggesakshandsamar
48251013
@ Kristin Høydal