Tilbod

Registrert søknad er gjeldande til søkjaren får plass eller trekkjer søknaden.

Påmelding i kulturskulen er bindande ut inneverande semester. Frist for oppseiing for vårsemesteret er 10. desember. For haustsemesteret/nytt skuleår opnar vi for reregistrering om våren. Dette kjem det beskjed om, med eigen frist.

Også dei på ventelista får meldinga om reregistrering, då kan ein registrere om ein ynskjer å behalde eller seie frå seg plassen på ventelista, eller evt endre ynskje om instrument.

Tilboda vert gjevne med atterhald om elevgrunnlag, kvalifiserte lærarar og naudsynte løyvingar.

Våre tilbod:

Instrument

Bandoneon

Som den einaste kulturskulen i Noreg, kan vi tilby undervisning på bandoneon, også kjent som tangotrekkspel.

Song

Vi har opplæring på song, både individuelt og i grupper.

Piano og keyboard

Tangentinstrumenta er piano og keyboard.

For dei som søkjer piano set vi som krav at dei må ha tilgang på eit piano å øve på heime. Keyboard er ikkje nok. Dette på grunn av stor skilnad i tangentar og spelemåte.

Strykeinstrument

Vi kan tilby undervisning på strykeinstrumenta 

  • fiolin 
  • bratsj
  • cello
  • kontrabass.​


Dei eldste strykarane vil få tilbod om å spele i orkester.

Gitar og bass

Ørsta kulturskule tilbyr opplæring på både akustisk gitar, el-gitar og el-bass.

Slagverk

Vi har opplæring på slagverk og perkusjon, med tanke på både band, korps og orkester.
 

Messingblås

Vi har i dag opplæring på følgande messinginstrument:

  • Kornett
  • Trompet
  • Althorn
  • Baryton/Tenor/Euphonium
  • Trombone

Vi vil sjå på høva for opplæring på waldhorn og tuba dersom behovet skulle vere der.

Alle elevar på blåseinstrument vil få tilbod om å spele i korps.

Treblås

Vi kan tilby opplæring på følgjande treblåsinstrument:

  • Blokkfløyte
  • Tverrfløyte
  • Klarinett
  • Saksofon

Alle elevar på blåseinstrument vil få tilbod om å spele i korps.

 

Drama/teater

Dramagruppa set opp 1-2 framsyningar i året, og er opne for småframsyningar i tillegg dersom det skulle vere høve til det. I år har vi to grupper. Ei frå 3. - 5. klasse og ei frå 6. klasse og oppover, men vi oppretter grupper ut i frå søkjarmassa, som endrar seg frå år til år.

 

Visuell kunst

Ørsta kulturskule har gruppetilbod på visuell kunst. Tilbodet passar for elevar frå 3. klasse og oppover, med undervisning i lokala til Velle skule. Her får elevane jobbe med mellom anna teikning, måling og ulike andre teknikkar innan formgjeving.

 

Kulturkarusell

Song- og musikkleik, med innslag av andre uttrykksformer. ​Tilbodet vil vere for grupper på 6–10 elevar i 45–60 min., for born i alderen 3-6 år.

 

Babysong

Ørsta kulturskule inviterer til babysong måndagar klokka 12.00.

Ein lærer t.d. fingerleikar, tåregler, rørslesongar, dans og voggesongar. Språket tek form og den første songen vert framført på eiga hand. Stor stas er det også å få syne fram kunstane sine i gruppa eller heime. Sjå kva eg kan!

Ørsta kulturskule har arrangert babysong sidan 2001. Etter ei lita pause er no tilbodet tilbake ved skulen. 

Til alle tider har småborn hatt mor og far si stemme som si første musikalske oppleving. Song og musikkleikar har alltid vore eit sjølvsagt og viktig språk mellom born og vaksne. I vår tid og kultur ser ein ofte at dette vert erstatta med ”hermetikk” - radio/tv/cd m.m. Born veks opp med bakgrunnsmusikk. Cd-spelaren står på under leik, stell, når ein skal sovne om kvelden – og når ein vaknar. Babysonggruppene vil vere ei motvekt mot dette, ved å styrkje det musiske språket mellom born og vaksne.

Den perfekte lyden som strøymer ut frå dei nemnde ”hermetikkboksane” kan gi kvar og ein av oss kompleks når det gjeld eiga stemme, men hugs: Det er di stemme barnet vil høyre. Det er den som skaper kontakt, tryggleik og trivsel. Det vert sagt at musikk er forløparen til språket. Lyd, rytme, song, musikk, og rørsle er viktig for seinare tale, lesing, skriving og kommunikasjon med andre.

Her vert gamle og nye songar friska opp eller lært. Like eins ”gløymde kunster” som fingerleikar, tåregler, voggesongar m.m. Dei små er med, spreller med beina, vinkar og ler. Ein nyttar fellesspråket mellom små og store, mellom alle menneskje - det musikalske språket.

Stad: Kaihuset. Kurshaldar: musikkterapeut Brita Helen Høydal.
Pris: kr. 800,- pr. semester (10 gongar)