Universell utforming

Utforming av bygg, produkt og område utført på ein slik måte at alle, så langt det er mogleg, kan nytte dei utan behov for tilpassing. Det er eit mål at bygg, produkt og område tek omsyn til variasjonane til mennesket og alder som funksjonsevne.

Etter plan og bygningslova sitt formål, skal universell utforming takast omsyn til allereie under planleggjing.

7 grunnprinsipp for universell utforming

1.    Enkelt: Du skal ikkje trenge mykje erfaring eller kunnskap på førehand.

2.    Forståeleg: Må du verte informert om bruken, skal kommunikasjonen vere enkel og rask å forstå.

3.    Alle gjer feil: Gjer du noko gale, skal det ikkje vere farleg eller få alvorlege konsekvensar.

4.    For alle: Løysinga skal kunne nyttast av alle.

5.    Fleksibilitet: Vi er ulike.  Dei fleste synshemma kan høyre, og dei fleste høyrslehemma kan sjå.

6.    Lite fysisk strev.

7.    Storleik og plass: Dette kan til dømes avgjere om det er mogleg å bruke eit toalett.