Vallastova

Vallastova (før; Buavdelinga) er ei somatisk langtidsavdeling med 24 plassar. Avdelinga skal sikre eit tilbod om heildøgns pleie og omsorg når denne hjelpa ikkje kan bli gitt i eigen heim. Avdelinga er lokalisert i 2. etg. på Ørstaheimen ved kantina, og personalgruppa består av helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, assistentar og spesialsjukepleiarar. Vi samarbeider tett med andre avdelingar på og utanfor Ørstaheimen, og andre faggrupper i kommunen.

Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø. Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet, og alle får tildelt ei primær- og sekundærkontakt som er spesielt ansvarlig for å ha jamleg kontakt med bebuaren og pårørande. Avdelinga er delt i to grupper der kvar gruppe har sitt eige kjøkken og stove. Alle rom er einerom med eige bad og toalett, og det er høve til å ta med private møblar, tv m.m etter ønske.

Vallastova er heimen til kvar enkelt bebuar, og vi har fokus på å sjå individuelle behov, og å skape eit godt fellesskap og sosialt miljø. I tillegg til kjøkken og stove har vi Blåstova midt i avdelinga som fellesareal. Her har vi eit flott akvarium med ulike fiskar, og her liker også huskatten vår å slappe av. Vi speler ofte musikk og nokre tek seg ein svingom ein gong i blant. Pårørande og vener av bebuarane er hjertelig velkomne, og vi set pris på godt samarbeid for eit best mulig tilbod til den enkelte.

Meir informasjon finn du i brosjyra i menyen til høgre.


Avdelingsleiar er Lisa Korsfur Silseth.
Kontaktinformasjon finn du til høgre på sida.

Kontakt

Vallastova hovudnummer
95712155
@ Vallastova hovudnummer
Lisa Mari Korsfur Silseth Avdelingsleiar Vallastova
95712155