Mobbing

Stor raud knapp med teksten: MELD IFRÅ OM SKULE MILJØ. Trykk på denne for å kome til skjema. - Klikk for stort bilete

 

Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulane i Ørsta skal arbeide aktivt og systematisk for å utvikle eit godt skulemiljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosial tilhøyrsle. Elevane har rett til å delta i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet med skulemiljøet. Dersom elev eller føresett ikkje er nøgd med skulemiljøet, kan ein be skulen om å gjere noko med det.

Skulen ved rektor undersøkjer saka og set inn høvelege tiltak.

(Opplæringslova kapittel 9a)

Mobbing finn stad i alle lag av befolkninga i samfunnet, i alle aldersgrupper. I Noreg er det vedteke eit Manifest mot mobbing. Ørsta kommune som organisasjon har skrive under på eit slikt Manifest.