Uteområde

Uteområda ved skular og barnehagar skal gi rom for for varierte aktivitetar, og dei skal stette krava om å vere ein trygg men utfordrande stad for leik, læring og opplevingar.

Skulebygga skal tilretteleggast og drivast slik at det vert teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.

Alle elevane har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa deira behov. Skulebygga skal ha universell utforming. Det skal takast omsyn til elevar som har funksjonshemming.