Eigedomsskatt

Eigedomsskatten vert utrekna på grunnlag av den kommunale taksten, eller utifrå formuesgrunnlaget. Formuesgrunnlaget vert henta frå Skatteetaten. For 2024 har Ørsta kommunestyre vedteke ein eigedomsskattesats på 2,0 promille for alle eigedomar. 

Kommunestyret har også vedteke å kontorjustere eigedomsskatten med 10 prosent – det betyr at alle kommunale takstar vert auka med 10 prosent. Kommunale takstar gjeld alle eigedomar, utanom bustadhus og leilegheiter (dei som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten). Rettleiar for kontorjustering.

Informasjon om eigedomskatt:

Utsending av skattesetel

Skattesetel vert sendt ut innan utgangen av februar. Skattesetel syner eigedom med matrikkelnummer, takst, skattegrunnlag, skattesats og sum eigedomsskatt som gjeld, og er etter lova definert som enkeltvedtak med klagerett.

Offentleg ettersyn

Takstar for eigedom i Ørsta er frå 27. februar 2024 lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Skattelistene er tilgjengelege på servicekontoret på Ørsta rådhus og elektronisk. 

Takst

Eigedomsskattetakst som er fastsett av kommunen, er tufta på fakta om eigedomen der ulike bygningstypar og areal utgjer verdi etter normtal. Tilstand, standard og kvalitet på eigedomen er normalt vurdert utifrå utvendig synfaring. For 2024 er takstane kontorjusterte med 10 %, jf. vedtak i kommunestyret 14.12.2023.  Dette gjeld ikkje vasskraftanlegg, takstar frå skatteetaten (formuesgrunnlag) og dei særskilde skattegrunnlaga frå gamle verk og bruk.

Nye bustadeigedomar vert takserte av kommunen, og gjeld fram til registrering hos skatteetaten. Då vert formuesgrunnlaget/bustadverdien gjeldande. 

I ein del saker kan det vere skilnad på takst mellom kommunal takst og taksten frå skatteetaten etter formuesgrunnlag. Ifølge Finansdepartementet er dette eit lovleg utslag av at det i dag er to takstsystem, og at takseringa skjer etter eigedomsskattelova § 8 A-2 (1).

Eigedomstypen verk og bruk vart frå 2019 definert som næringseigedom. Produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjonar er  ikkje med i skattegrunnlaget. Overgangsregel gjeld t.o.m. 2024. Det er unntak for m.a. vasskraftverk og kraftnett –definert som energianlegg. For energianlegg vert reglane for verk og bruk i utgangspunktet vidareført. Dette gjeld også flytande oppdrettsanlegg.

Utgangspunktet  er at taksten for det som før var verk og bruk, unnateke energianlegg, skal vere den objektiverte omsetningsverdien utan produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjonar. Dvs. verdien objektivt sett og ikkje den verdien eigedomen har for den aktuelle eigar.

Sakkunnig takstnemnd i kommunen laga i samband med takseringa i 2013 to dokument Det eine omhandla eigedomstypen verk og bruk. Det andre dokumentet var for øvrige eigedomstypar. No er det berre eitt dokument og heiter «Ramme og retningsliner for verdifastsetting/taksering av eigedomar i Ørsta kommune med verknad frå 1. januar». Det vert også berre kalla «takseringsreglane».  Dette dokumentet er tilgjengeleg på servicekontoret, og på kommunen si heimeside.

Utrekning

Eigedomsskatten vert utrekna på grunnlag av den kommunale taksten, eller utifrå formuesgrunnlaget frå skatteetaten.  Bustadeigedomar utanom våningshus på gardsbruk og div. kombinasjonseigedomar, får normalt grunnlaget frå skatteetaten. For 2024 er skattegrunnlaget for bustadar og fritidsbustadar sett til 70 % av verdet.  Eigedomsskattesatsen for 2024 er på 2 promille for alle eigedomar som for 2023.

Eigedomar med fleire eigarar

Faktura vert av tekniske årsaker sendt berre ein av eigarane. Ynskjer mottakar/sameiget ein bestemt representant i denne rolla vidare, må eigedomsskattekontoret få melding, sjå kontaktinformasjon på framsida.

Sakshandsaming og betaling

Eventuell klage på takst vert først handsama i sakkunnig nemnd for taksering av skatteobjekt (takstnemnda). Dersom klage ikkje får medhald i takstnemnda, går den vidare til endeleg avgjerd i sakkunnig klagenemnd for taksering av skatteobjekt (klagenemnda). Sjølv om det vert levert klage, skal eigedomsskatten betalast, jf.  eigedomsskattelova § 25
Skuldig beløp eller beløp til gode vert normalt avrekna/utbetalt i neste termin. Men kommunen sender også ut faktura/kreditnota mellom hovudterminane.

Klage som etter regelverket skal handsamast av kommunen, skal sendast til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. E-post kan også nyttast, sjå framsida.

Det er etablert eit system med fleksibel fakturering. Dvs. at skattytar sjølv innanfor gitte rammer kan avgjere talet på faktura for eigedomsskatten og andre kommunale avgifter. Ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

Klage

Klager på takst etter formuesgrunnlaget skal rettast til skatteetaten. Meir informasjon finn du på Skattetaten.no.

Klager etter kommunale takster skal rettast til eigedomsskattekontoret. Klage kan sendast skriftleg også pr e-post til Ørsta kommune innan 6 veker frå kunngjeringsdato eller frå det tidspunkt skattesetelen vert utsendt.                 

NB: Det kan ikkje klagast på same grunnlaget meir enn ein gong.

 

Klagefrist

Klagefristen er 6 veker frå skattelistene vert lagt ut til offentleg ettersyn, eller frå det tidspunktet skattesetelen vert utsendt om det er seinare.

Eventuell klage skal vere skriftleg.  Klage skal merkast med gards- og bruksnummer, eventuelt også feste-/seksjonsnummer. Gje opp relevant telefonnummer.

Klage over verdifastsettinga av eigedomen kan skje kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt. Det kan ikkje klagast på nytt på det same grunnlaget som det er klaga på før.

Den som meiner at skatteetaten sin formuesverdi (sjå skattemeldinga) er feil, må sende endringsmelding til skatteetaten.  Det er grunn til å gjere merksam på at det kan medføre tilleggsskatt frå skatteetaten om ikkje urette opplysningar i skattemeldinga vert korrigerte - til dømes primærareal, jf. skatteforvaltningslova. Desse opplysningane står i skattemeldinga. Kopi av skattemeldinga er å finne på altinn.no eller du kan kontakte skatteetaten på telefon 80080000 (innanlands) og+47 22 07 70 00 (frå utlandet). 

Du treng ikkje melde frå til kommunen om du endrar formuesverdien med skatteetaten. Kommunen får melding dersom formuesverdien vert endra av skatteetaten.

Fritak for eigedomsskatt

Kommunestyret kan årleg gjere enkeltvedtak om fritak etter søknad. For 2024 har kommunestyret gjort vedtak om fritak for eigedomar etter eigedomsskattelova § 7 a og b.

 Søknadsfrist: 26.01.2024. Dei som fekk fritak i 2023 og ikkje har endringar i grunnlaget, treng ikkje søkje på nytt for 2024 då fritaket vert forlenga med eitt år i gongen jf. vedtak i kommunestyret.
Søknad etter fristen kan likevel bli vurdert.

Eventuell søknad om fritak sendast skriftleg per e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller per post til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. Merk søknaden "fritak eigedomsskatt". 

Særlege tilhøve

Formannskapet kan i særlege høve setje ned/ettergje eigedomsskatten, jf.   Eigedomsskattelova  § 28. Søknad etter denne paragrafen skal sendast til kommunen. Sjå også KS sin rettleiar om temaet.

Spesielt for 2024

For 2024 kan det verte uvanleg mange tilfelle av at eigedomsskatten vert skrive ut med feil takst i første omgang. Dette skuldast at skatteetaten som produserer dei fleste av takstane for bustadeigedomar, er forseinka med produksjonen. Derfor kan det skje at kommunen skriv ut skatt på ein kommunal takst først, som så vert retta om og eventuelt når skatteetaten leverer takst. Kommunen er forplikta til å nytte skatteetaten sin takst når den måtte ligge føre, innan eitt år etter utskrivinga. Det kan også skje at den kommunale taksten kan verte inntil eitt år forseinka. Vi varslar om dette i det enkelte tilfelle. 
 

Sjå utskriftsvenleg versjon.
 

Utsending av faktura og skattesetel og utlegging av skattelista

Skattesetel vert sendt ut som eige dokument i løpet av februar og syner eigedom med matrikkelnummer, takst, skattegrunnlag, skattesats og sum eigedomsskatt som gjeld, og er etter lova definert som enkeltvedtak med klagerett.

Skattelista er planlagt lagt ut til offentleg ettersyn 27. februar.

Endre fakturaintervall

Du kan endre fakturaintervallet på eigedomsskatt og andre kommunale eigedomsgebyr. Det gjere du ved å sende inn dette skjemaet:

Endre fakturaintervall

 

Min eigedom

Mi side, finn du Min Eigedom.  Her kan du logge deg på slik du for eksempel gjer til banken din. Her kan du finne oppdaterte opplysningar om din eigedomsskatt og korleis den vert utrekna på dei ulike eigedomar du måtte ha.

Kontakt

Erling Brekke konsulent Eigedomsskatt
95126327
@ Erling Brekke