Bålbrenning

Generelle reglar for brenning i Ørsta

Det er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark i perioden 15. april. - 15. september utan løyve frå kommunen. Dette på grunn av faren for skog-, gras- og lyngbrannar. Uforsiktig omgong med bar eld som t.d. bålbrenning og grilling er den største grunnen til skogbrann. Det er likevel tillat å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann.

I denne perioden er brenning i eller nærleiken av skog og utmark søknadspliktig. For å vere sikker på at ein får behandla søknaden i tide må søknaden sendast inn i god tid før brenninga.

Formålet med bålbrenning skal ikkje vere å kvitte seg med avfall som skal leverast til godkjent avfallsmottak.

  • All brenning skjer på eige ansvar
  • Røyken frå brenning kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdommar.
  • Kommunelegen og/eller brannsjefen kan stoppe brenning dersom ein vurderer det som skadeleg eller risiko for naboeigedomane.
  • Ein oppfordrar innbyggarane i Ørsta til å kompostere kvistar og hageavfall eller levere det til miljøstasjonen hos VØR.
  • Ulovleg brenning kan meldast til politiet.
  • Dersom brenning fører til utrykking, kan det medføre krav om kostnadsdekning frå kommunen

Sjekk skogbrannfaren her: https://skogbrannfare.met.no/

For meir info sjå Sikkerhverdag.no

Bålbrenning - melding/søknad

 

Jonsokbål

I Ørsta kommune skal bål til Jonsok meldast inn til brannvesenet via dette skjemaet.

Meldingsskjema er kun informasjon til brannvesenet og krev inga handsaming. Dersom brannvesenet har behov for ytterligare informasjon tek vi kontakt.

Meldefrist er innan 20. juni 2023.