Arbeid i Ørsta kommune

Våre ledige stillingar 

Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidsgjevarstrategi for Ørsta kommune byggjer på kommunen sine verdiar og peikar på dei innsatsområda som kommunen må vere god på for å utvikle organisasjonen og medarbeidarane. Slik kan kommunen vere ein attraktiv arbeidsgjevar som er konkurransedyktig og tilbyr gode tenester til innbyggjarane og brukarane. 

Artikkelliste