Kommunal veg

Teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av til saman cirka 170 kilometer med kommunal veg. 
 

Graveløyve

For graving i kommunal veg skal det søkjast løyve hjå kommunen. Om du skal grave på eigedomen din eller på andre sitt areal må du skaffe deg oversikt over kva leidningar som ligg i grunnen. Dette gjeld mellom anna vassleidningar, kloakkleidningar, straum og teleleidningar. Ta kontakt med dei verksemder som har leidningar i bakken.
 

Gatelys

For å spare kostnader prøver vi å få skifte lyspærer i fleire armatur kvar gong dette skal gjerast i eit område. Det kan føre til at einskilde lyspunkt kan bli ståande utan lys over lengre tid.
 

Trafikksikring

Målet for alt arbeid med trafikksikring i Noreg er nullvisjonen - ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller livsvarig skadde i trafikken. Trafikantane og myndigheitene har eit delt ansvar for trygg trafikk.
 

Klipp hekken

Det er du som bur langs vegen som er ansvarleg for å halde nede hekk og busker på din eigedom slik at det er god sikt ved vegkryss og ved tilkomst. Mange må også krysse gang- og sykkelveg for å kjøre ut på bilvegen. Da er det spesielt viktig at hekkar, trær eller gjerde ikkje hindrar sikta, slik at du oppdagar andre trafikantar i tide til å stoppe. 
 

Kva er kommunal veg og kva er fylkesveg?

Lurer du på om kven som har ansvaret for vegen; kommunen eller fylket? Sjå oversiktskart over vegar.

Kontakt

Hallvard Yksnøy Bergmann ingeniør
91157203
@ Hallvard Yksnøy Bergmann