Melde frå til barnevernetOm du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet. Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale før du melder frå. Når du har sagt i frå, er det barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa i heimen. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella. Melde frå til barnevernet - privatperson Melde frå til barnevernet - offentleg tilsett Vi rår til at du nyttar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. Om det ikkje er mogleg for deg å nytte det digitale skjemaet eller om du vil vere anonym overfor barnevernet, kan du laste ned meldingsskjema som du fyller ut og sender per post til den interkommunale barnevernstenesta. NB: Dette skjemaet må sendast i posten og ikkje via e-post. Postadresse: Barnevernstenesta Hareid – Sande – Ulstein – Volda – Ørsta Volda kommune Stormyra 2 6100 Volda Publisert 08.01.2021 08:37