Koordinerande eining

Kven kan få tenesta:

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse-og omsorgstenestelova, kan du ha rett på koordinator og individuell plan.

Med dette meiner ein at dersom du har to eller fleire helse-og omsorgstenester over tid som det er behov for å samordne, kan du har rett på å få utnemnt ein koordinator.
 

Kva kan du forvente:

Når du får utnemt ein koordinator vil vedkomande vere bindeleddet mellom deg og tenesteapparatet. Og vidare legge til rette for samordning og samarbeid i tenestetilbodet ditt. Koordinator vil ha eit ansvar for å drive fram arbeidet med ein individuell plan dersom ein ynskjer å ha det.
 

Korleis kan du få tenesta?

Du kan vende deg til Koordinerande eining ved Tildeling og koordinering. Ein vil saman med deg og evt tenesteytarar kartlegge ditt behov for koordinator.

Sjå også: 

Individuell plan

Kontakt

Runa Bakke tenesteleiar Helse, tildeling og koordinering
91621147
@ Runa Bakke