Sang på Hjørundfjordheimen

Hjørundfjordheimen er så heldige å bli utvalgt til å vere med på eit nytt prosjekt som heiter Generasjonssong.

Det er eit musikkprosjekt mellom eldreinstitusjonar og barnehagar. Det er Sæbø barnehage og Hjørundfjordheimen som har dette ilag, og det skal vare i 3 år.

Oppstarten på prosjektet var etter sommarferien/tidleg haust, der tilsette frå begge arbeidsplassane har hatt fleire samlingar med musikkpedagog Øystein Salhus frå Høgskulen i Volda.

Det vart lagt vekt på lokale sangar,  aktivitetar, rytme og instrument som skulle prøvast ut.

Den fyrste samling med born og eldre var i oktober, og det var reint rørande, fortel Elisabeth Dimmen frå Hjørundfjordheimen. Samlingane er på fellesstova,  med like store gruppe med born og eldre.  Samlingane skal ein ha ein dag i månaden i omlag ein time. 

– Vi ser at dette er eit veldig bra tiltak som vi skal bygge vidare på i lang tid. 

Elisabeth Dimmen
Hjørundfjordheimen

Følg oss