Synfaring på E39 Liadal

Formannskapet var på synfaring i samband med handsaming av saka detaljregulering E39 Liadal.

Ørsta kommune

Samandrag av saka: Statens vegvesen har utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for E39 på Liadal. Planområdet går omlag frå krysset med Halsevegen i sør til og med avkøyring til Grøvik verk. Planframlegget legg til rette for breiddeutviding av E39 og etablering av langsgåande gang- /sykkelveg på heile strekninga. Ein konsekvens av planen er behov for innløysing av bygg på seks eigedomar.

Formannskap, representantar frå administrasjon og Statens vegvesen gjennomførte synfaringa på den smale vegen, med ledebil ut frå tryggleiksomsyn. 

Statens vegvesen peikar på at dette er av dei dårlegaste strekningane i regionen og at ei utbetring er på høg tid. Vegen skal byggast breiare og skal gi gang- og sykkelveg på strekninga Ørsta–Rjåneset.

Ørsta kommune Avdelingsdirektør Ruth Myklebust ved drift og vedlikehold i Statens vegvesen Midt. Ørsta kommune Ørsta kommune Ørsta kommune

Følg oss