Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Takk til alle 170 deltakarar som var med på Heiltidskulturkonferansen i Ørsta den 18. og 19. april!

Godt frammøte på heiltidskulturkonferansen. Ørsta kommune

Vi i Ørsta er stolte av at vi fekk til dette arrangementet, og vi er takksame for alle som takka ja til å delta og bidra.

Konferansen var eit samarbeid mellom KLP og Ørsta kommune, med kommunalområde Helse, omsorg og velferd som initiativtakar. Deltakarane fekk mykje inspirasjon og auka fokus på kor avgjerande det er å bygge ein god kultur. Det er viktig at folk ynskjer og meistrar store stillingar, og ikkje minst at dei ynskjer å halde fram i jobbane sine i kommunane. Motivasjonen for å arbeide vidare med heiltidskultur har vakse, og dette skal særprege vår kultur.

Utfordringane vil framleis står på trappa og framtida tilseier at behov og oppgåver ikkje minkar. Heiltidskultur er ein viktig del av løysinga!

Konferansen var ein flott anledning til å dele kunnskap, knytte kontakter og saman finne vegar for å styrke heiltidskulturen i kommunane. Vi ser fram til å halde fram dette viktige arbeidet, og vi takkar alle deltakarar for deira engasjement og bidrag.

 

Kjellen kom også innom for å spreie det positive bodskapet om heiltidskultur.

Følg oss