221 ørstingar registrerte 6287 turmål i Møre og Romsdal. I Ørsta vart totalt 15 226 registrerte turar gjort av 2 786 aktive Stikk UT! deltakarar. 2 565 har besøkt Ørsta for å gå og registrere turar.
– I Stikk UT! er det å gå seg ein tur i nabolaget like mykje verdt som ein langtur på ski og vi har fokus på gleda ved å vere i aktivitet ute. Folk har tatt utfordringa og funne seg fine vinterturar, noko som er veldig gledeleg, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som har ansvaret for Stikk UT! i fylket.
Alt ved sesongstart 15. desember (2023) var det full vinter i Møre og Romsdal der fleire skiturmål alt var trakka opp og mange hadde fått ski på beina. Frå og med i år har vintersesongen også fått en fast sluttdato, 15. april, og ikkje 2. påskedag som tidlegare.
– April er ofte den finaste tida for mange til skiturar, derfor har vi valt å strekke vintersesongen så lenge vi kan før vi må omstille app, turmål og nettside til sommarsesongen, seier Ellingsæter.
Tilrettelegging er viktig for folkehelsa
Gode møte mellom menneske og naturen fremjar helse og livskvalitet, og arbeidet som blir gjort med å tilrettelegge for uteaktivitet er derfor viktig. Vintersesongen hadde til saman 142 skiturar og 207 fotturar i Møre og Romsdal, inkludert Heim og Lesja/ Bjorli. I Ørsta var det 13 vinterfotturar og fem skiturar.
Stikk UT! er eit samarbeid mellom friluftsråda, skikrets, kontaktpersonar i kommunane, frivillege, idrettslag og løypelag.
Tal frå sesongen
Turregistreringane er godt fordelt på alle dei 357 turmåla i vintersesongen. Fotturar i nærmiljøet og turar til gapahukar er populære turmål. Registreringane på både ski og fotturar har fordelt seg ganske jamt gjennom sesongen, men med mars som beste månad for fotturar, og februar for skiregistreringar.
Gjennom veka har det vore jamt med registreringar, med ein topp i helgar og måndagar.
Dei fleste som deltek i Stikk UT! er i alderen mellom 30 og 70 år, men også ein god del barn og unge.
Vinterfotturar vart del av Stikk UT! vinterkonseptet i 2021. Første året var det 106 ørstingar som deltok aktivt. I 2022 auka talet til 207, medan det var ein liten reduksjon året etter til 189 som registrerte 5413 turmål. I år var det 221 ørstingar som registrerte 6287 turmål.
Tabellen under syner ei oversikt over talet på aktive Stikk UT! deltakarar og talet på registrerte turar i Ørsta frå 2021–2024.
År | 2024 | 2023 | 2022 | 2021 |
| Reg. turar | Aktive deltakarar | R* | A d* | R* | A d* | R* | A d* |
Stikk UT! Ski | 2439 | 739 | 2720 | 643 | 3875 | 866 | 1740 | 444 |
Stikk UT! Vinterfottur | 12787 | 2047 | 7964 | 1349 | 7805 | 1376 | 348 | 57 |
| 15226 | | | | | | | |
*R: Registreringar. *A.d.: Aktive deltakarar
No ser vi fram mot Stikk UT! sommarsesongen som startar 1. mai. Stikk UT!-kartet kjem som vanleg i posten til alle husstandar i kommunen neste veke. Dette er ein invitasjon til alle innbyggarane om å bli med ut på tur. Dei om lag 571 turmåla til sommarens Stikk UT! blir lansert over helga. Sesongen startar 1. mai. Det er berre å glede seg!