Er du klar til å ta imot digital post ?

Digital postkasse.jpg

hjelp oss å spare pengar og miljø

Ved å bruke digital postkasse får du raskare post frå stat og kommune, samtidig som du sparer miljøet for utsending av fysiske brev og hjelper det offentlege til å jobbe meir effektivt.

Kvifor treng du digital postkasse?

Ei digital postkasse er ei sikker løysing for å ta i mot og oppbevare viktig post digitalt. Brev med vedtak, helseopplysningar og anna sensitiv informasjon kan ikkje sendast på vanleg e-post fordi det ikkje er sikkert nok.

 

Med ei digital postkasse hjå e-Boks eller Digipost kan du også ta i mot digital post frå private verksemder der, og dokumenta du mottek blir lagra på ein sikker måte slik at det berre er du som har tilgong til din eigen post.

Kva kan fordelen ved å opprette en digital postkasse vere?

  • Det er tryggare enn all annan postgang
  • Det er gratis å nytte
  • Du mottek og tek vare på viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder 
  • Du kan ta i mot viktige brev der du er og når du vil

Kvar finn du informasjon om digital postkasse

Du kan velje mellom e-Boks eller Digipost for å ta i mot digital post frå det offentlege. Dette gjer du på Norge.no.  

 

Du har to val: Digipost eller e-Boks. Postkassane er likestilte og begge tilfredsstillar strenge krav til tryggleik. Det er gratis å opprette og bruke postkassen. Du kan enkelt bytte postkasse seinare om du ynskjer det.

Laste ned applikasjon (app)

Gå til butikken på mobilen der du kjøper andre appar (applikasjonar) og søk etter:

e-Boks.no eller Digipost og installer applikasjonen på mobilen eller nettbrettet ditt.

Reservere deg mot digital post

Om du fortsatt vil motta post på papir kan du reservere deg mot digital post.

Har du allereie ei digital postkasse, men ynskjer å reservere deg, kan du gjer det ved å ringe gratis på 800 30 300 eller reservere deg på nett:

Reserver meg mot digital post

 

 

Følg oss