Hovdebygda barnehage

Hovdebygda barnehage

Hovdebygda barnehage er eigd av av Ørsta kommune og held til i bygg frå 2005. Barnehagen er lokalisert sentralt i Hovdebygda med omlag 70 plassar for barn i alderen 0–6 år. Barnehagen har gruppene Rumpetroll (0–2 år), Skrukketroll (1–2 år), Grashopper (2–3 år) og Barkebiller (4–5 år).

Vi nyttar slagordet ”– med friluftsliv i kvardagen”. Med dette legg vi vekt på å vere mykje ute – heile året – og vi ser på utemiljøet og nærmiljøet som ein viktig arena for leik og læring. Barnehagen er lokalisert i flott nærmiljø med kort veg til både skog, mark, fjell, vatn og sjø. Barnehagen har eigen robåt og kano på Hovdevatnet, og disponerer naust ved sjøen. For tørre snøfattige vinterperioder har vi eiga snøkanon som vi lager snø med så snart temperaturen kryp under 0 grader. 

Barnehagen har eigen minibuss. Det er ein Ford Transit 2017 modell med 17 seter. Minibussen gir ein ekstra dimensjon i tilbodet då vi i mykje større grad kan nytte andre miljø og turmål som elles ikkje er innanfor gangavstand.

Barnehagen har eigen kokk i 100% stilling som sikrar både gode og næringsrike måltid, at barna får kunnskap om råvarer og får delta i førebuing av måltida.
 

Barnehagen på facebook
 

Hovdebygda barnehage

Trykk her for fleire bilete av Hovdebygda barnehage ​​​​​​