I hovudbygget har vi ei kulturstove som er fellesareal for alle avdelingane. Den vert nytta til både avdelingsvise aktivitetar, fellesaktivitetar og samkomer på tvers av avdelingane. Her får borna gode rammer til å utfalde seg både i grovmotoriske og finmotoriske aktivitetar, leikar, song og dans m.m.
Uteleikeplassen vår
Barnehagen har eit flott og variert uteområde som stimulerar til allsidig leik og aktiv utfalding. Med eiga snøkanon kan vi produsere snø i akebakken når forholda ligg tilrette for det.
Inne på leikeområdet har vi også to grillhytter, lissjehytta og storehytta. I den store har vi eigen pizzaovn, som også er med på å gje borna gode opplevingar.
Vi legg vekt på sunt kosthald, og har tilsett eigen kokk.
Barnas Vel - borna i sentrum
Det handlar om at det einskilde barnet skal få bli den beste utgåva av seg sjølv. Vi skal ruste barnet til møte med framtida. Borna må også få utfordringar og motstand. Dei skal lære seg å sette grenser og finne sin vilje. Vi skal vere sensitive voksne som er tett på barnet, gje dei trøyst, tryggleik, rettleiing og støtte.
Barnas Vel er sentrumsbarnehagen i Ørsta. Vi legg vekt på å styrkje borna si identitetskjensle. Det handlar om å høyre til, vere ein del av avdelinga, barnehagen og bygda dei veks opp i. Gjennom barnehagetida vil vi gje borna kunnskap om naturen og kulturen i bygda vår, og dei vil få mange turopplevingar i nærmiljøet. Vi har gåavstand til hamna, fjøra, skogen, elva, sentrum.
Du finn meir informasjon om turområda våre ved å gå inn på linken under.
Lokal kultur, natur og miljø
Barnehagen på facebook
Ørsta kommune