Dalane barnehage er ein natur- og kulturbarnehage og vi er mykje på turar i nærmiljøet og lærer om livet på garden. Vi formidlar segner og historier knytt til stadane og syng lokale og nynorske songar. Målet er at borna gjennom desse fellesopplevingane skal knyte band til heimstaden sin og etablere vennskap.
Garden året rundt – Borna i Dalane barnehage veks opp i eit nærmiljø der det er mykje jordbruk og borna er opptekne av dyra og gardsmaskinene på garden. Nokre av borna bur på gard sjølve, andre har besteforeldre eller ein nabo som driv gard. Gjennom kontakt med dyr utviklar borna empati og får ei heilskapleg forståing for maten vi et. Dei får innsikt i kva arbeid som må gjerast på garden til ulike årstider og kva reiskap og maskiner som vert nytta. Leik med dyr og traktorar er ein daglegdags aktivitet både inne og ute i barnehagen. Gjennom kjøkenhagen vår, turar, gardsbesøk, bedriftsbesøk og landbruksmesse skal borna bli kjende med garden året rundt. Vi besøkjer og samarbeidar med gardar i nærmiljøet som har sau, geit, kyr, hest, gris, høner, m.m.
Lokale segner og historier – Segner er korte forteljingar som lever på folkemunne. Segnene er eit slags ekko frå fortida, og dei omfattar alt folk har funne verd å merkje seg. Målet er å skape interesse hjå born og vaksne for den kulturskatten desse segnene er. Segner kan sette i gong fantasien til borna og skape tilknytning til heimstaden. Det handlar om identitet, tradisjonar og lokal kultur. Segnene skal knytast opp mot tema, songar, bursdagsfeiring, på tur, i leik og kvardagsaktivitetar, m.m.
Lokal og nynorsk songskatt – “Alle born skal dagleg få oppleve glede ved musikk og song, og songane skal i størst mogleg utstrekning vere på nynorsk” (Lokal rammeplan s. 8). Dalane barnehage har ei samling med lokale og nynorske songar som borna skal bli kjende med. Musikk og dans er ei kjelde til glede og energi og i barnehagen opplever borna musikk og song gjennom heile dagen. Songane her er spelt inn av Maria Hovdenakk og Torgrim Skjerdal.
I tillegg har vi frisk og aktiv og kulturråsa.