Barn i kommunen som har behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 31 i Lov om barnehage. Kommunen skal oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen.
Om eit barn ikkje har barnehageplass, kan ein søke informasjon om hjelp/støtte på helsestasjonen eller ta kontakt med kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering for rettleiing.
Spesialpedagogisk hjelp er gratis.
For at eit barn skal få spesialpedagogisk hjelp må PPT (Pedagogisk, psykologisk teneste) gjere ei sakkunnig vurdering. Når ei slik vurdering er klar, kan føresette i samarbeid med barnehagen sende melding om behov på følgjande skjema:
Søknadsskjema
Dersom barnet får innvilga spesialpedagogisk hjelp vil eit vedtak beskrive kva hjelp barnet skal få, og omfanget av hjelpa. I tråd med Lov om barnehage vert det også gitt tilbod om foreldrerettleiing.
Barnet kan få spesialpedagogisk hjelp individuelt eller i gruppe.
Ørsta kommune er med i eit interkommunalt samarbeid med Volda, Hareid og Ulstein om å tilby PPT, der Ulstein er vertskommune. For meir informasjon om PPT, sjå Interkommunalt PPT