Vartdal barnehage

Vartdal barnehage

Barnehagen har tre avdelingar; Trollskjær (3–5 år), Fosshola (1–3 år) og Lisjetua (0–2 år).

I hovudhuset ligg avdelingane Trollskjær og Fosshola. Avdeling Lisjetua ligg i eige bygg på barnehagen sitt område, med eige uteområde som er tilpassa dei yngste barna.

Barnehagen ligg vakkert til midt i ein storflott naturperle. Vi har eit stort og innhaldsrikt uteområde, men også rikt  nærområde, med kort avstand til fjord, skog  og fjell, som gir oss mange muligheiter for allsidig leik og aktivitet utanfor barnehagen.

Med kort avstand mellom barnehagen og skulen er tilhøva gode for samarbeid og samanheng.


Visjon

Vi har som mål at «Vartdal barnehage – ein god stad å vere» - at alle som er knytt til barnehagen vår skal oppleve å bli sett og forstått, anten det er dei små borna, dei tilsette, foreldre eller dei som av ulike grunnar tek turen innom oss. Det betyr at det vert stilt store krav til eit kompetent personale.

Ein god stad å vere for vekst og utvikling, vennskap og leik – er det som skal kjenneteikne vår barnehage.
 

Barnehagen på facebook
 

Vartdal barnehage