Ørstabarnehagen har utarbeidd felles retningslinjer med krav til føresette og personell, når barna skal sove i tida dei er i barnehagen. Føresette har ansvar for at barnet har vogn og utstyr tilgjengeleg i barnehagen
Føresette skal:
- ha med eigna vogn til barnehagen som barnet skal sove i. Vogna skal ha selar som er tilpassa barnet og forsvarleg festa.
- justere selane ved skifte av vognpose (td frå vinterpose til sommarpose/teppe)
- syte for at der alltid er myggnetting tilgjengeleg, og at denne er tilpassa vogn og er heil.
- kontrollere utstyr og at defekt utstyr vert bytta ut
Personalet skal:
- ha rutiner for tilsyn med dei som søv
- kontrollere at selane er korrekt festa på barnet
- gi beskjed til føresette ved manglar på utstyr, og notere ned avvik dersom dette ikkje vert etterfulgt av foreldre
- sørgje for at barn som søv ute har myggnetting