Er du bekymra for deg sjølv, dine søsken eller ein ven?

Er du bekymra for deg sjølv, dine søsken eller ein ven?

Bildet viser ein vennegjeng på fire ungdommer som held rundt kvarandre og ser på solnedgangen, med ryggenn til. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Helena Lopes / Unsplash

Har du det vanskeleg – heime, på skulen eller i fritida, eller veit om nokon som ikkje har det bra, er det viktig at du seier ifrå. Å seie i frå kan være med på å gjere ein vanskeleg situasjon betre.

Nokon du kjenner deg trygg på?

Er det ein person du kjenner deg trygg på? Som du syntes det er lett å snakke med? Ein venn, nokon i familien, ein nabo, ein lærar eller kanskje ein fotballtrenar? Det er mange du kan snakke med, som vil lytte og hjelpe deg.

Det viktigaste er at du delar det som er vanskeleg med nokon.

Men dersom du syntes det er vanskeleg å kome på nokon, eller du ynskjer å snakke med andre, kan du ta kontakt med ein av dei som står oppført under her.

Desse kan hjelpe deg der du bur

Læraren din
Helsesjukepleiar

Ørsta Helsestasjon
Held til i Ørsta velferdshus, Dalevegen 24. Dei gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-21 år og deira føresette, samt gravide. Tlf: 94 16 78 48. Besøk Heimesida for meir informasjon. 

Helsesjukepleiar i skulen
Helsestasjonen har også helsesjukepleiar til stades ved kvar skule i Ørsta kommune - du kan ta kontakt med din helsesjukepleiar på din skule.

Fastlege

Alle personar som er busett i ei norsk kommune har rett til fastlege. Du har rett til å bytte fastlege inn til to gangar per. kalenderår og du kan ha fastlege i ei anna kommune enn den du bur i. Fastlegen er ansvarleg for å følge opp sine pasientar i legekontorets opningstid, det vil sei at dersom du har behov for nokon å snakke med kan du ta kontakt med ditt legekontor og be om ein time med din fastlege. Ved akutt oppstått skade eller sjukdom utanom fastlegens opningstid må du kontakte legevakta (116 117). Dersom det står om liv, ring 113.

Les meir om fastlegeordninga her.

 

Ørsta legesenter 
Dalevegen 28
6153 Ørsta

Telefon: 70 04 80 50
Telefon legevakt:  116 117

Klikk her for å kome til Ørsta legesenter si heimeside.

Kommuneoverlegen

Kommuneoverlegen kan gi råd og drøfte utfordringar med dei som bur i Ørsta. 

Kommuneoverlegen skal hjelpe alle med å få nødvendige helsetenester og at tenestene er forsvarlege.

Barnevern

Barneverntenesta

Hareid, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på rådhuset i Volda. 

Hovudoppgåva til barnevernet er å gi barn, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar. Det er foreldrene som har ansvar for å gi barna sine omsorg. Dersom foreldra ikkje strekk til, kan barnevernet bidra til å sikre barn og unge omsorg, tryggleik og moglegheit til utvikling. 

Adresse:
Stormyra 2
6100 VOLDA

Telefon: 70 05 88 00
Nettstad: volda.kommune.no/barnevern

Barnevernsvakta
Barnevernsvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap og er open heile døgnet.
Hovudoppgåva er å bistå barn, unge og familiar i akutte situasjonar, og dei skal først og fremst sikre at barn og unge har det trygt. 

Adresse:
Ålesund politistasjon
Korsegata 4 (Postgården)
6003 ÅLESUND

Telefon: 02800 / 91 57 60 20

Politi

Har du eller nokon du kjenner blitt utsett for noko ulovleg? Eller er du kanskje usikker på om det du har vorte utsett for er ulovleg eller ikkje? Da kan du ta kontakt med politiet der du bur. Klikk her for å lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.

Volda og Ørsta politistasjon, møre og romsdal politidistrikt.
Torvmyrane 11B
6160 Hovdebygda

Telefon: 70 11 61 01
E-post: post.moreogromsdal@politiet.no

Klikk her for å kome til politiets heimeside. 

 

Gode råd til born og unge

Hjelpetelefonar, chattetenester og nettstadar

Hjelpetelefonar

Hjelpetelefonar
Namn Tilbod Teneste Telefon
Alarmtelefon for born og unge Opplever du vald i heimen, er utsett for overgrep, er redd for tvangsekteskap eller opplever andre akutte og vanskelege situasjonar? Då kan du ta kontakt med alarmtelefonen for born og unge. Du kan også ringje dersom du trur nokon andre barn har det vanskeleg. Telefon, SMS og e-post 116111
Born av rusmisbrukarar Har du ei mor, ein far eller andre nær deg som rusar seg på alkohol eller narkotika? Då kan du nytte deg av chattetilbodet BaRsnakk. Her kan du chatte heilt anonymt om det du har på hjartet. Ingen tema eller spørsmål er feil og du deler kun det du har lyst til. Chat
Kirkens SOS Kirkens SOS er ei døgnopa kriseteneste på telefon og internett. Her er det alltid nokon som tek imot samtalar, 24/7. Du kan også sende melding og chatte. Telefon, SMS og chat 22400040
Kors på halsen Kors på halsen er Røde Kors sitt samtaletilbod til alle opp til 18 år. Du kan ta opp det som er viktig for deg ved å ringje, sende epost eller chatte. Her får du snakke med ein vaksen du kan stole på. Du er anonym og kan fortelje alt. Telefon, chat, epost der du kan diskutere med andre 80033321
Mental helse sin hjelpetelefon Mental helse sin hjelpetelefon er eit felles europeisk hjelpetelefonnummer. Det vil seie at du kan ringje 116 123 i det området du er i og få kontakt med hjelpetelefonen i det landet du oppheld deg i, så lenge du er innanfor EU/EØS land. Dette er ei teneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym, og dei har teieplikt. Telefon 116123
RUStelefonen Du kan få informasjon om rusmiddelproblematikk ved å ringje RUStelefonen. Du kan ta kontakt anonymt via telefon, chat eller spørjeskjema. Du kan ta kontakt enten du er brukar, pårørande eller berre har spørsmål om rus. Telefon, chat og innsending av spørsmål 08588
Røde Kors sin telefon om tvangsekteskap Ein hjelpetelefon som gir informasjon og rettleiing knytt til tema som tvangsekteskap, kjønnslemlesting og æresrelatert vald. Telefon 81555201
Ung.no Ung.no er ein offentleg informasjonskanal for ungdom. Denne kanalen gir informasjon om rettane dine, moglegheitene og pliktene. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 20 år. Nettstad. Kan også sende inn spørsmål
Ungdomstelefonen Dette er telefon-, chat- og meldingstenesta til Skeiv Ungdom, og vert bemanna av unge vaksne mellom 18 og 30 år. Ungdomstelefonen er eit tilbod til unge som treng nokon å snakke med om seksualitet, kjønn og identitet. Andre tema kan vere kjensler, forelsking og sikker sex. Telefon, SMS og chat 40000777
Vald og overgrepslinja Vald- og overgrepslinja er ei hjelpelinje for deg som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar. Du kan få hjelp, råd og svar på spørsmål. Du kan også ta kontakt dersom du har behov for at nokon lyttar til deg. Vi kan hjelpe med å finne fram til andre hjelpetilbod i nærleiken der du bur. Telefon 116006

 

Dine rettar

Barnekonvensjonen er ein internasjonal avtale som gir born og unge eit særskilt menneskerettsvern. Barnekonvensjonen er også kalla borna si eiga grunnlov. Noreg har skrive under barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov. Barnekonvensjonen gir born eigne rettar, til dømes rett til skule, helsehjelp, leik og fritid. Ein viktig rett er at barn skal verte høyrde i saker som gjeld dei. 

Barnelova (lov om born og foreldre) regulerer mellom anna foreldra sine plikter og ansvar, og borna sine rettar. Les meir om barnelova på ung.no.

Har du det vanskeleg i heimen?

Har du foreldre som ofte kranglar, som skal skilje seg, eller opplever du vald i heimen? Her er lenker til informasjon og gode råd.

Når foreldra kranglar

Skilsmisse

Drikk mor eller far din for mykje?

Opplever du vald i heimen? 

Nettvett

Nettvett handlar om å vere smart når du er på nett. Anten på mobil, nettbrett eller pc. Både born og vaksne treng å lære om nettvett, slik at vi kan unngå uheldige opplevingar når vi spelar, chatter, delar bilete eller er på leit etter informasjon. 

Har du opplevd krenking på nett og treng hjelp? Ta kontakt med nokon under "desse kan hjelpe". 

Lenker til info og råd om nettvett

Om nettvett - Redd barna

Om nettvett - ung.no

Nettvett.no

Delbart? - politiet

Er det delbart? Sjå film

Slettmeg.no

Retten til eit trygt og god læringsmiljø

Alle born og unge har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Barnehagar og skular har nulltoleranse mot mobbing, krenking, vald, diskriminering og trakasering. Barnehagane og skulane tolererer ikkje baksnakking, isolering, utestenging, hatytringar eller meir indirekte krenkingar. 

Om du opplever miljøet du er i som utrygt, sei ifrå til ein venn,  vaksne i  barnehagen/skulen eller til foreldra dine. Dei vaksne i barnehage og skule har aktivitetsplikt. Det betyr at dei har plikt til å undersøkje og setje i verk tiltak til det  vert betre.

Andre som kan bistå er hjelpetenestene i kommunen som helsesjukepleiar og PPT.

Tilsette i barnehage har og ei aktivitetsplikt.   Det same gjeld tilsette i skulen.

 

Her er andre hjelpesider der du kan finne informasjon:

Få hjelp mot mobbing

Mobbeombodet i Møre og Romsdal 

Du bestemmer om det er mobbing eller ikkje

Kjenner du deg utestengd?

Kropp og seksualitet

Her finn du gode nettsider og artiklar som omhandlar kropp, identitet og seksualitet. Du finn også informasjon om kva eit seksuelt overgrep er. Dersom du har opplevd dette, må du ta kontakt med nokon du stolar på (link til desse kan du ta kontakt med). 

Lurer du på noko om kropp og sex?

Kva er seksuelle overgrep?

Få hjelp etter seksuelle overgrep

 

Barn og unge i Ørsta - Kva har vi?

Helsestasjon for unge

Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod for gutar og jenter i alderen 13-23 år og er eit supplement til skulehelsetenesta. Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt, du kan vere trygg på at din helseinformasjon ikkje vert delt med andre.

Tenesta har open dør, og ungdom kan kome innom etter behov. Timebestilling er ikkje naudsynt. Helsestasjon for ungdom har ope kvar onsdag kl.14.30-16.30, med lege til stades mellom kl. 15-16.

Inga sak er for stor eller for liten til å snakke med helsestasjon for ungdom. Dei som jobbar der er van til å prate om det meste, også det som er kleint, vanskeleg og utfordrande. Dei har mellom anna god kunnskap om seksuell helse, prevensjon og kjønnsjukdomar.

Trykk her for meir informasjon

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod for elevane. Skulehelsetenesta ynskjer å medverke til at kvar enkelt elev får eit best mogeleg tilbod.

Helsesjukepleiar skal vere ein vaksen som elevane kan gå til dersom ein har det vanskelig, eller om ein har tankar og kjensler det ikkje er lett å dele med andre, og ein treng nokon å prate med.

Helsesjukepleiar kan lytte, gi råd og rettleiing i høve vekt, spiseproblem, kosthald, syn, hørsel, relasjonar, søvnvanskar, prevensjonsvegleiing med meir.

Ingenting er for stort eller for lite å komme til helsesjukepleiar med.

Trykk her for meir informasjon.

Rådgivarar på ungdomsskulane

På alle tre ungdomsskulane i Ørsta finn du ein rådgivar. 

Rådgivarane gjer blant anna dette for elevane:

  • Informere elevar og gi råd om val av frammandspråk / språkleg fordjuping.
  • Ha samtalar og gi råd til elevar vedrørande vidare utdanning og yrkesvalg.
  • Har ansvar for å koordinere "Utdanningsvalgdag" på 9. og 10. trinn.
  • Bistå med å koordinere Grundercamp, Jobbskygging og arbeidsveke.
  • Kan bistå elevar og føresette med søknaden til videregåande skule.
Friskliv

Friskliv Ørsta er ei helseteneste i Ørsta. Friskliv Ørsta har fokus på helsefremjande og førebyggande tiltak retta mot alle barn og unge, samt dei eldre i Ørsta.

Gjennom primærførebyggande tiltak retta ut til barnehagar og skular ynsker Friskliv Ørsta å nå ut til barn og unge og spreie positiv informasjon om friskliv, helse og gode levevanar.

I tillegg til primærførebygging tilbyr Friskliv Ørsta individuell oppfølging til både barn/familiar og vaksne, med støtte til å endre vanar knytt til helse, fysisk aktivitet og/eller kosthald. 

Trykk her for å få meir informasjon

Ungdomsråd

Ungdomsrådet i Ørsta skal tale ungdom i Ørsta si sak. Ungdomsrådet er partipolitisk nøytralt. 

Du kan kontakte ungdområdet på epost ved å sende epost til: : hans.robert.bondhus@orsta.kommune.no

Utlån av friluftsutstyr

Småjobbsentralen driftar Ørsta sin kommunale utlånssentral.

Utlånssentralen låner ut friluft- og vinterutstyr til born og vaksne i alle aldrar. Fokuset er å motivere og inkludere alle til å ta del i ulike aktivitetar som naturen og samfunnet rundt oss kan tilby. Vi er omgitt av mykje flott natur og vi ynskjer å gi vårt bidrag slik at alle skal kunne få bruke den. Du kan lese meir om dette her.

Kaihuset

Kaihuset - ungdommen sitt eige hus i Ørsta

Kaihuset er ein ungdomsklubb, for ungdom frå 8. klasse til 18 år, og er sjølvsagt eit 100% rusfritt tilbod.

Ungdomskafeen ligg i første høgda på kaihuset i sentrum, der fins aktivitetar som biljard, airhockey, PS4, brettspel og mykje anna. Der er kiosk som serverer brus, snop og mat, og eit lite datarom med 4 maskiner som er gratis å bruke.

Du kan lese meir om tilbodet og opningstider på Kaihuset her.

Fastlege

Fastlegen kan hjelpe deg med det meste av helseplager. Om fastlegen synest det er naudsynt, vil du bli henvist til spesialist. Psykolog og hudlege er døme på spesialister. Du må ikkje ha alvorlege helseplager for å ta kontakt med fastlegen din. Med fastlegen kan du prate om alt du har av fysiske og psykiske plager. kontaktinformasjon finn du her.

Følgjekort

Følgjekort skal gje funksjonshemma høve til å ha med hjelpar for å kunne delta på arrangement. Den funksjonshemma sin ledsagar skal kunne få fri eller rabattert adgang til kultur- og fritidsaktivitetar i tillegg til visse transportmidlar.

Du kan søke på følgjekort her.

Oversikt over alle tenester i Ørsta kommune

Ørsta kommune tilbyr veldig mange ulike tenester. Dei opplista over her, er berre eit utval.

Trykk her for å lese ei meir utfyllande list over tenester som Ørsta kommune tilbyr.