Handlingsrettleiar

Handlingsrettleiar

BTI, Betre Tverrfagleg Innsats, skal sikre at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng gjennom eit samarbeid mellom familien og kommunen. Oppfølginga kan vere av ulik grunn og i ulik grad, men arbeidet med å komme fram til ei løysing skal vere lik.

Modellen viser nivåa i handlingsrettleiaren, og er utdjupa i detalj nedanfor.

NB! Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt skal du alltid melde saka direkte til barneverntenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800).

Nivå 0: Oppdage og utforske

1. Oppdage og utforske

Oppdage og utforske

Uro betyr her observasjonar eller hendingar som fører til ei uro knytt til barns helse, trivsel eller livssituasjon. Uro ein får ut frå observasjonar eller hendingar kan gjere det naudsynt å undersøke situasjonen nærare.

Verktøy

2. Konkretiser uroa

Konkretiser uroa

Uroa skal dokumenterast i ein skriftleg logg. Konkretisering betyr å finne svar på spørsmål som kan underbyggje eller avkrefte ei uro. Under finn du verkty som kan være til hjelp.

Verktøy

  1. Observasjonsskjema (PDF, 179 kB)
  2. Snakke med born 
3. Del uro

Del uroa 

"Del uroa" betyr at du skal dele observasjonane dine. Vurder kven du skal dele uroa di med. Informasjonen skal tilpassast mottakaren og teieplikta skal ivaretakast.

  • Barnet/ungdommen  

  • Kollega i eiga avdeling 

  • Føresette 

  • Næraste leiar 

Verktøy

  1.  

 

4. Avklar uro

Avklar uro

Er det grunnlag for å gå vidare med det du er uroa for? Vurderer behovet for vidare oppfølging. 

Om du er i tvil kan du diskutere uroa med din nærmaste leiar. Leiar kan kan og drøfte uroa med andre instansar som helsesjukepleiar, PPT og barnevern o.l. på NN-nivå (anonymisert).

Du kan søke støtte i samhandlingsforløpa til Barn og unges helseteneste, sjå under.

Behov for vidare oppfølging: Gå til nivå 1

 

Ikkje grunnlag for vidare oppfølging:  
Arkiver dokumentasjon som er loggført i eininga sitt arkivsystem med ei kort grunngiving på kvifor saka er lukka. 

 

 

Støtte til avklaring i samhandlingsforløpa til Barn og unges helseteneste

Barn og unges helseteneste har i samarbeid med kommunane i Møre og Romsdal laga sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. 

Lurer du på om barnet eller den unge kan vere i eit av desse forløpa lista opp under? 

Trykk for å lese meir detaljert informasjon. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og skal gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.

 

Verktøy

Samtykkeskjema (PDF, 181 kB)

 

5. Avslutt saka

Avslutt saka

Dersom saka løyser seg gjennom samtale med dei involverte og det ikkje er grunnlag for vidare oppfølging, skal saka avsluttast.

 

Nivå 1: Vidare oppfølging

1. Møte med barn/føresette

Det er den næraste leiaren sitt ansvar at dette blir utført.

Del uroa med barnet/ ungdommen /føresette og skap ei felles forståing. Inviter til møte med barnet/ungdommen/føresette der du deler dine observasjonar og di uro så snart som råd. Skap ei felles forståing kring situasjonen saman med barnet/ ungdommen/føresette. Avtal tiltak i heim og i aktuell teneste.

Dersom du gjennomfører samtalen med føresette:  

  • Avklar kven som har ansvar for å informere barnet/ungdommen 
  • Avtal korleis barnet/ungdommen blir informert
  • Avtal korleis barnet/ungdommen får høve til å uttale seg.  

Dersom du gjennomfører samtalen med den unge  

  • Informer føresette om samtalen om barnet er under 16 år. (NB: Unntak dersom det er mistake om vald eller overgrep)

 

Avtal tidspunkt for evalueringsmøte. 

NB! Også på nivå 1 er det fullt mogleg å søkje råd og rettleiing hos andre tenester/avdelingar, utan at det vert oppretta eit formelt samarbeid med andre. Hugs då samtykke frå føresette/barnet dersom saka ikkje skal drøftast anonymt. 

NB! Er pasienten eller brukaren mellom 12 og 16 år, skal informasjon ikkje givast til føresette eller andre som har foreldreansvaret når pasienten eller brukaren av grunnar som bør respekterast, ikkje ønsker dette. (Gjeld pasientar og brukarar som mottek tenester som er omfatta av helse- og omsorgstenestelova)

Verktøy

Den nødvendige samtalen (PDF, 156 kB)

Samtykke til samhandling (PDF, 181 kB)

Snakke med born 

2. Sett i verk tiltak

Sett i verk tiltak

Avtalte tiltak vert sette i verk og gjennomført på aktuell arenaer.

Dokumenter ved logg kva som vert gjort i eige fagsystem eller i kommunen sitt arkivsystem.  

Førebu evalueringsmøte. Hugs at barnet har rett til å seie si meining i alt som handlar om det, og at barnet sine meiningar skal leggast vekt på. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring.

3. Evalueringsmøte - avklar vegen vidare

Evalueringsmøte og avgjerd om vegen vidare

Gjennomfør evalueringsmøte der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg. Få med barnet si oppleving av endring. 

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare. 

Dokumenter ved logg evalueringa i eigne fagsystem. Referat frå møtet skal delast med alle deltakarar.

Det er tre moglege utfall av evalueringa: 

  1. Tiltak har hatt ønska effekt, det er ikkje lenger grunn til å uro. Avslutt saka.
      

  1. Tiltak har noko effekt. Vurder å halde fram tiltak og/eller sett i verk andre tiltak i eiga teneste.

 

  1. Tiltak har ikkje tilstrekkeleg effekt. Det er behov for tiltak frå eksterne tenester. 

  • Avgjer aktuelle samarbeidspartnarar og inviter dei til møte på nivå 2 innan to veker.  
  • Vurder om barnet/ungdommen skal ta del på møte.
    • NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som handlar om det, og barnet sine meiningar skal leggast vekt på.
  • Hugs samtykke frå føresette eller ungdommen.

 

Verktøy

 

Nivå 2: Samarbeid med fleire

1. Samarbeidsmøte - oppstart

Leiar ved den tenesta som tek saka vidare til nivå 2 har ansvar for møteinnkalling, møteleiing og skal avklare kven som er referent på første møtet.

Samarbeidsmøte - oppstart 

Hent inn samtykke frå føresette eller ungdommen og kall inn aktuelle hjelpeinstansar til eit samarbeidsmøte.  

Presenter saka og skap ei felles forståing av situasjonen i lag med barnet/ungdommen/føresette. Avgjer kven som har ansvar for vidare oppfølging og ansvar for møteinnkalling, møteleiing og referat.

Kvart møte skal ha ein møteleiar og ein referent.

Kvart møte skal ha eit kort referat som vert sendt til alle møtedeltakarane.

Verktøy

Samtykke til samhandling (PDF, 181 kB)

Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 138 kB)

2. Samarbeidsmøte - planlegg tiltak

Samarbeidsmøte - planlegg tiltak 

Mål for møtet: At barnet/ungdommmen/føresette og involverte tenester koordinerer innsatsen slik at alle arbeider etter felles målsettingar og er kjent med kvarandre sin innsats.

Når saka er presentert for dei som deltek på samarbeidsmøte, er neste punkt å planlegge aktuelle tiltak.

Dokumenter tiltaka i eigne fagsystem for kvar teneste. Hugs å få med kven som har ansvar for kvart einskild tiltak og evalueringa av tiltaka.

Referat frå møtet skal delast med alle deltakarar.

Barnet/ungdommen si meining om aktuelle tiltak skal leggast vekt på. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i etterkant av møtet om barnet/ungdommen deltek eller ikkje.

Til slutt i samarbeidsmøte avtalar de tidspunkt for evalueringsmøte.

3. Sett i verk tiltak

Sett i verk tiltak 

Gjennomfør avtalte tiltak på aktuelle arenaer.  

Bruk eigne fagsystem til dokumentasjon. 

Førebu evalueringsmøtet.  

Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i forkant av evalueringa, for å få vedkomande si eiga oppleving av endring. 

4. Evalueringsmøte og avklar vegen vidare

Evalueringsmøte

Gjennomfør evalueringsmøte der alle involverte partar drøftar i kva grad tiltaka har ført til at barnet/ungdommen sin situasjon har endra seg.

Få med barnet si oppleving av endring.

Dokumenter ved logg evalueringa i eigne fagsystem. Referat frå møtet skal delast med alle deltakarar.

På bakgrunn av evalueringa som er gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er tre moglege utfall av evalueringa:

1. Tiltak har hatt ønska effekt, det er lenger ikkje grunn til å uroa seg.

-Avslutt saka.

2.Tiltak har noko effekt. Vurder å halde fram tiltak og/eller sett i verk andre tiltak i eiga teneste.

 

3. Tiltak har ikkje gitt ønska effekt. Det er behov for tiltak frå fleire teneste. 

  • Bestem aktuelle samarbeidspartar, lag tilvising/melding til desse og kall inn til møte på nivå 3 innan to veker. Hugs nytt og utvida samtykke frå føresette eller ungdommen til å involvere nye samarbeidspartar.
  • Vurder om barnet/ungdommen skal ta del på møte.
    • NB! Barnet har rett til å seie si meining i alt som handlar om det, og barnet sine meiningar skal leggast vekt på.

Verktøy

  1. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 138 kB)

 

Nivå 3: Langvarig koordinert samarbeid

1. Etabler kontakt mellom relevante tenester

Etabler kontakt mellom relevante tenester

Leiar ved den tenesta som tek saka vidare til nivå 3, står for møteinnkalling, møteleiing og møtereferat i første møtet.

Primærteneste (som oftast barnehage eller skule) og barnet/ungdommen/føresette presenterer problemstillinga for dei andre tenestene.

Behov for koordinator og ansvarsgruppe må vurderast. Ved oppretting av koordinator, vil den ha vidare ansvar for møteinnkalling, møteleiing og kven som skal skrive referat.

Behov for å opprette ein individuell plan som verkty for det tverrfaglege samarbeidet må vurderast. 

Avklar ansvarsoppgåver i den vidare oppfylginga.

Verktøy

Samtykke til samhandling (PDF, 181 kB)

Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 138 kB)

Melding til koordinerande eining (PDF, 151 kB)

2. Ansvarsgruppemøte - planlegg mål og tiltak

Gjennomfør ansvarsgruppemøte og planlegg mål og tiltak

Aktuell teneste lagar eit eller fleire mål/delmål i samarbeid barnet/ungdommen/føresette.

Ansvarsgruppa planlegg tiltak ut i frå mål/delmål som er laga.

Avtal tid og inviter til nytt møte.

3. Sett i verk koordinerte tiltak

Sett i verk koordinerte tiltak

Avtalte utgreiingar/undersøkingar/tiltak vert sett i verk og gjennomført på aktuelle arenaer.

Bruk samhandlingsverktøyet Visma Flyt Samspel til individuell plan for å samarbeide og dokumentere på nivå 3 - langvarig koordinert samarbeid.

Førebu evalueringsmøte og sett klar ein dato. 

Barnet/ungdommen si meining om aktuelle tiltak skal leggast vekt på. Avklar kven som har ansvar for å snakke med barnet/ungdommen i etterkant av møtet både om barnet/ungdommen deltek eller ikkje.

4. Evalueringsmøte og avklar vegen vidare.

Evalueringsmøte

Gjennomfør eit evalueringsmøte der de evaluerer den tverrfaglege innsatsen og om barnet sin situasjon har endra seg som følgje av dei koordinerte tiltaka. Barnet/ungdommen og føresette si oppleving skal vere ein del av evalueringa.

På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.

Det er to moglege utfall av evalueringa:

  1. Dei koordinerte tiltaka har ikkje gitt ønska effekt.
  • Hald fram med det koordinerte samarbeidet for å nå måla ein har sett.
  • Vurder nye/justerte tiltak og evt. nye samarbeidspartar for å nå målet.
  1. Tiltaka har hatt ønska effekt. Avslutt saka.

NB! Få med barnet si oppleving av endring. Barnet sine meiningar skal leggast vekt på.

Verktøy

  1. Førebuing og gjennomføring av møte (PDF, 138 kB)