Tenester

Tenester

Her vil de finne ei oversikt over alle tenester for barn, unge og familier i Ørsta kommune.

Barnehage

I Ørsta tilbyr vi barnehageplass i alle delar av kommunen. Kommunen er eigar og driftsansvarleg for 7 barnehagar. 3 barnehagar er private.

Barnehagane i Ørsta har: 

  • Høg kvalitet
  • Barnehagelærarar i alle styrar- og pedagogstillingar
  • Fagleg og heilskapleg tilbod til alle born
  • Full behovsdekking
  • Brukartilpassa tilbod med både heiltidsplassar og deltidsplassar

I barnehagane i Ørsta arbeider vi ut frå tanken om at borna skal vere i sentrum, og at born er verdifulle, kompetente og sosiale. Ut frå desse stikkorda har vi utarbeidd felles standarar for barnehagane i Ørsta:

  • Borna opplever å få uttrykkje tankar og kjensler, og får høve til å gjere eigne val.
  • Borna opplever dagleg gleda ved å meistre og få positiv tilbakemelding.
  • Borna oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring.
  • Borna opplever eit utfordrande miljø prega av allsidige natur- og kulturerfaringar.

Trykk her for meir informasjon

Barneverntenesta

Barnevernstenesta kan hjelpe barn, unge og deira familiar med små og store utfordringar i kvardagen.

Det vert jobba med tiltak som kan styrke familien, endringsarbeid inn imot foreldre – og tiltak direkte knytt til barnet eller ungdommen.

Dei fleste tiltaka vert drifta av barnevernet, men ein kan også setje i verk tiltak i regi av mellom anna Bufetat sine hjelpetenester.

Trykk her for meir informasjon

Ergoterapi

Ergoterapeutane jobbar med tilrettelegging av kvardagen for dei som har helseutfordringar og finn løysingar til korleis ein kan leve aktivt, både med eller utan hjelpemidlar.

Det krevst ingen tilvising, og ein kan ta direkte kontakt med ergoterapeut dersom ein lurer på noko.

Det er gratis.

Trykk her for meir informasjon

Fagteam spesialpedagogisk hjelp - barnehage

Fagteam spesialpedagogisk hjelp i Ørstabarnehagen er ei gruppe sett saman av barnehagelærarar og spesialpedagogar.

Målet med fagteamet er å bidra med kunnskap og kompetanse slik at alle barn får eit inkluderande barnehagetilbud som fremjar helse, trivsel, leik og læring.

Irene Yksnøy Lianes er koordinator for teamet.

Trykk her for meir informasjon

Familievernkontoret

Familievernkontorene tilbyr rådgiving, veiledning, kurs og samtalegrupper. Tilbudet er gratis og trenger ingen henvisning. Du kan ta kontakt for en uforpliktende samtale eller bestille time. 

Familievernkontoet held til i Furene.  

Klikk her for å lese meir  

Fastlege

Fastlegen er ansvarleg for alle allmennlegeoppgåver for sine pasientar i legekontoret si åpningstid.

Alle innbyggarar som ifølge folkeregisteret er busett i ei norsk kommune, har rett til ein fastlege.

Barn under 16 år får samme fastlege som mor når foreldre har felles foreldreansvar og samme adresse. Ved delt omsorg får barnet samme fastlege som den av foreldra som barnet deler folkeregistert adresse med. Barnet ditt har rett til å ha samme fastlege som deg, også når fastlege din ikkje har plass på lista.

Ved akutt oppstått skade eller sjukdom utanom fastlege si åpningstid må du kontakte legevakt på telefon 116 117. Står det om liv, ring 113.

Les meir om fastlegeordninga på helsenorge.no

Flyktningkontoret

Flyktningkontoret sin hovudoppgåver er busetting og introduksjonsprogram for flyktningar. Flyktningkontoret busetter flyktninger med oppholdstillatelse, etter avtale med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

Kontoret har ansvar for etablering og informasjon for å sikre ein god start for nye flyktningar i kommunen.

Flyktningtenesta held til på Kaihuset Strandgata 1. Opningstidene er mandag til fredag: 9-16.

Ein kan lese meir om innvandring og integrering ved å trykke her

Friskliv

Dette er ei førebyggande teneste. Førebygging har fokus på tiltak som hjelper før utfordringane vert for store.  Friskliv samarbeidar med skular og barnehagar i forhold til kosthald og aktivitet.

Tenesta tilbyr også helsesamtalar til born og familiane for dei som ønsker å endre vanar i forhold til kosthald og aktivitet.

Dette er gratis, og ein treng ikkje henvisning frå andre instansar.

Trykk her for meir informasjon

Fysioterapi

Fysioterapeutane jobbar i tett samarbeid med skular, barnehagar, helsestasjon og andre samarbeidspartar.

Dei følger opp individuelt ved behov med tiltak og/eller rettleiing.

Alle born mellom 0-16 år er gratis og ein treng ikkje henvisning for å kome til fysioterapeut.

Foreldre må samtykke dersom anna instans tek kontakt på vegne av bornet eller foreldre kan ta direkte kontakt med fysioterapeutane.

Trykk her for meir informasjon

Grunnskule

Grunnskule er eit felles omgrep for den 10-årige skulegangen som i Norge er obligatorisk for barn mellom 6 og 16 år. Alle landet sine barne- og ungdomsskuler er omfatta av grunnskulen sine læreplanar. Grunnskule-utdanninga regulerast av Opplæringslova.

Grunnskulen omfattar barneskulen, som består av 7 klassetrinn fordelt på småskuletrinnet (1.-4. klasse) og mellomtrinnet (5.-7. klasse), samt ungdomsskulen (ungdomstrinnet) som består av 8., 9. og 10. klassetrinn.

Det er kommunen som har ansvaret for grunnskuleopplæringen. Opplæringa er gratis, og eleven får naudsynte læremidler på skulen.

Ein kan lese meir om grunnskuleopplæringa i Ørsta her ved å trykk her

Helsestasjon for ungdom 13-20 år

Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod for gutar og jenter i alderen 13-20 år, og er eit supplement til skulehelsetenesta.

Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt.

Helsestasjon for ungdom har open dør, og ungdom kan kome innom etter behov.

Timebestilling er ikkje naudsynt.

Vi er normalt bemanna av helsesjukepleiar og lege, og har ope kvar onsdag frå 14.30 - 16.30.

Trykk her for meir informasjon

Helsestasjonen

Helsesjukepleiar og lege tilbyr regelmessig oppfølging, og kan tilvise barn og familiar med spesielle behov til andre helsetenester.

Føresette kan også ta kontakt sjølv ved behov ut over faste avtalar. Konsultasjonane vert gjort individuelt eller i gruppe.

Trykk her for meir informasjon

Jordmor

Er du gravid har du tilbod om svangerskapskontroll hos jordmor på helsestasjonen eller hos din fastlege. Du kan sjølv velje om du vil nytte jordmor, fastlege eller ein kombinasjon av desse.

Tilbodet er gratis.

Fyrste svangerskapskontroll skjer normalt i veke 6-12. Vi oppmodar om at du tek kontakt for å bestille time så snart du veit at du er gravid.

Trykk her for meir informasjon

Kommuneoverlege

Kommuneoverlegen er kommunens medisinskfaglege rådgivar. Kommuneoverlegen kan gi råd og drøfte saker med alle tilsette innanfor alle kommunalområda, innbyggjarar og politikarar. Kommuneoverlegen skal gjennom rådgivinga si bidra til at innbyggjarane får nødvendige helsetenester og at tenestene er forsvarlege.

 

Trykk her for meir informasjon

Kommunepsykolog

Kommunepsykologen tilbyr helsehjelp til barn og unge i alderen 0 – 18 år og deira familiar.

Ved tidleg innsats ynskjer kommunen å førebygge psykiske utfordringar.

Du kan ta kontakt med kommunepsykologen via helsestasjonen eller med leiinga på skulen, helsesjukepleiar på skulen eller fastlege

Trykk her for meir informasjon

Koordinerande eining

Koordinerande eining skal medverke til at barn og deira foreldra skal motta heilskapelige, indiviuelt tilpassa- og korrdinerte tenester. Einigna kan gje informasjon og rettleiing om velferdstenester og vil kunne lose deg vidare til rette instans.  

Dersom barnet har behov for langvarige og koordinerte tenester, vil koordinerande eining fatte vedtak om individuell plan/koordinator. Målet med ein slik plan er å sikre samarbeid mellom ulike velferdstenester rundt barnet.  

Klikk her for å lese meir om koordinerande eining og individuell plan/koordinator 

Krisesenter for Sunnmøre

Krisesenter for Sunnmøre er eit gratis, døgnåpent tilbod for barn, kvinner og menn som er eller har vore utsett for vald i nære relasjonar.

Klikk her for å lese meir

 

Logoped

Den kommunale logopeden gir hjelp og støtte innafor desse områda:

  • språklydvanskar
  • uttalevanskar
  • taleflytvanskar/stamming
  • stemmevanskar/stemmeliding.

Logopeden kan yte hjelp i den barnehagen/skulen der barnet går dersom der er fleire born som treng logopedhjelp, eller til einskildborn på logopeden sitt kontor på Ørsta rådhus etter nærare avtale. Det er ein føresetnad at pedagogar i barnehagen/skulen er til stades når logopeden øver med barnet, slik at øvinga kan vidareførast i barnehagen/skulen og helst også i heimen.

Både helsestasjon, barnehage og skule vil kunne hjelpe til med å fylle ut søknaden. 

Det er ingen søknadsfrist. Handsaminga av søknader skjer etter kvart som søknadene kjem inn. Opptaket vert tilpassa kapasiteten til logopeden.

Trykk her for meir informsjon

Munnmotorisk team

Munnmotorisk team er ei tverrfagleg gruppe.

Målgruppa er barn i barnehagealder, 0-5 år.

Teamet arbeider både i høve enkelt barn som har munnmotoriske vanskar, men også førebyggjande inn mot barnehagane og helsestasjon.

Trykk her for meir informasjon

NAV

NAV ( Arbeids- og velfersdforvaltningen) har fokus på arbeid og aktivitet.

Arbeid gir god helse og NAV har mange verkemiddel for at du skal nå dine mål om arbeid og aktivitet.

Hovedmålet til NAV er: Fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad.

Trykk her for meir informasjon

NOK-tenester

Å snakke opent med barn om kropp, grenser og seksualitet, gjer det lettare å kunne sei frå om nokon tråkker over grensene.

Lavterskeltilbod for råd og rettleiing når ein treng nokon å snakke med om kropp og/eller opplevingar som er vanskelege. 

Trykk her for meir informasjon

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Barn/elevar som ikkje har, eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære barnehage-/skuletilbodet, har rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning. Før eininga kan fatte enkeltvedtak, skal det føreligge ei sakkunnig vurdering utarbeidd av PPT.

PPT skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Målet er at alle skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

PPT har både system- og individretta arbeidsoppgåver. Tenesta skal vere til hjelp i barnehagar og skular med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.

Trykk her for meir informasjon

Skulehelsetenesta 6-20 år

Det er helsesjukepleiar på alle skular på faste dagar.

Skulehelsetenesta er ansvarlig for vaksinasjon av barn og ungdom, og gir i samarbeid med skulen tilbod om undervisning i klasser, samt gruppe og individuelle samtalar.

Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt.

Trykk her for meir informasjon

Sped-og småbarnasteam ved BUP poliklinikk Volda

Sped- og småbarnsteamet er ein del av tilbudet ved BUP Volda som ligg under avdeling for psykisk helsevern barn og unge.

BUP er forkortelse for Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk og hjelper barn under 18 år med sin psykiske helse.

At det er en poliklinikk betyr at du får timeavtaler der Teamet utredar og gir oppfølging/behandlng når det gjeld ulike typer vansker hos barn i alderen 0-6 år( førskulealder), og er tverrfagleg samansett.

Trykk her for meir informasjon

Tildelingskontoret

Tildelingskontoret tek i mot og behandlar søknader om kommunale helse og omsorgstenester.

Eininga har ulike tiltak for å hjelpe eller støtte barn og foreldre som har helseutfordringar eller sosiale vanskar.

Klikk for å lese meir om tildelingskontoret