Friskliv Ørsta er ei helseteneste som har fokus på helsefremjande og førebyggande tiltak retta mot alle aldersgrupper.
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Friskliv har fokus på:
- Individuell oppfølging knytt til endring av vanar, fysisk aktivitet og/eller kosthald
- Førebyggande tiltak til barn og unge frå skule og barnehagar på førspurnad
- Mestring av livsutfordringar
- Sterk og stødig: Lavterskeltilbod for eldre
Frisklivsrettleiaren er Karen Øie og nyhende finn du på facebook-sida til Friskliv Ørsta.
Korleis få tenesta?
Du kan ta direkte kontakt med Friskliv Ørsta, eller bli henvist frå helsestasjon eller lege. Tenesta er gratis.
Tenesta er drive i nært samarbeid med både helsestasjonen, fysioterapi- og ergoterapitenesta i Ørsta, i tillegg til folkehelsekoordinator. Frisklivssentralen er organisert på avdelinga Ergo, fysio og friskliv med lokale på Velferdshuset i Dalevegen 24.