Enklare å forstå
Økonomi kan vere vanskeleg å setje seg inn i. Difor har vi lagt vekt på å forklare situasjonen på ein enkel og oversiktleg måte.
Målet er at både innbyggjarar, tilsett og politikarar skal forstå kva som skjer – og kvifor.
Opne om utfordringane
Økonomien i kommunen påverkar tenestene til innbyggjarane. Difor er det viktig å vere open om kva situasjonen faktisk er.
Vi ønskjer å:
- gi eit realistisk bilete av økonomien
- forklare kvifor det er behov for omstilling
- vise kva val og prioriteringar som blir gjort
Dette er ikkje ei enkel situasjon, men vi meiner det er viktig å vere tydelege på både utfordringar og retning vidare.
Temasida finn du her, og som snarvege på framsida av heimesida, Sida vil bli oppdatert jamleg med ny informasjon.