Når økonomien krev omstilling – status og vegen vidare Grafikk: Ørsta kommune/Foto:Olav Johansen Vadstein Ørsta kommune står i ein økonomisk situasjon som krev tydelege prioriteringar og endringar i måten vi jobbar på. Kostnadene har auka, særleg knytt til renter og drift, samstundes som inntektene ikkje har vakse like mykje.I 2024 brukte kommunen opp det økonomiske handlingsrommet sitt, og står no utan buffer til uventa utgifter. Det betyr at vi må tilpasse drifta til det vi faktisk har av inntekter. Samstundes endrar befolkninga seg. Vi blir fleire eldre og færre i arbeidsfør alder, noko som aukar behovet for helse- og omsorgstenester og gjer det meir krevjande å sikre nok arbeidskraft framover. Kort forklart: Vi brukar meir pengar enn vi får inn, og har ikkje buffer igjen.Denne sida vil bli oppdatert jamnleg og gi ei oversikt over korleis økonomien ser ut, kva utfordringar vi står i, og kva kommunen gjer for å møte situasjonen.Status Kva betyr dette for deg?Nokre tenester kan bli reduserte, endra eller prioriterte annleisKommunen må prioritere strengare og bruke pengane meir målrettaEndringar kan påverke kvardagen din, og vi vil informere tydeleg undervegsVegen vidare 2026 2027 Torsdag 4. juni Torsdag 18. juni Haust 2026 Desember 2026 2027 Torsdag 4. juni Rammekonferanse Neste kommunestyremøte Direktesending av kommunestyremøteSpørsmål og svarHer kjem vil til å legge ut ofte stilte spørsmål med svar. Kva meiner de med omstilling?Omstilling betyr at vi må jobbe annleis for å få økonomien i balanse.Det kan vere:å endre korleis vi organiserer tenesterå prioritere annleiså finne meir effektive måtar å jobbe påMålet er å bruke pengane best mogleg – over tid.Kvifor må kommunen gjere endringar no?Økonomien i kommunen er blitt strammare. Kostnadene har auka, særleg til renter og drift, medan inntektene ikkje har auka like mykje. Samtidig har kommunen ikkje lenger pengar på fond som kan dekke underskot.Difor må vi tilpasse drifta til det vi faktisk har råd til.Kvifor blir det meir press på helse og omsorg?Befolkninga er i endring, vi blir fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder. Noko som gir større behov for helse- og omsorgstenesterBlir dei mest sårbare skåna?Vi har som mål å skjerme dei mest sårbare og dei viktigaste tenestene.Når vi må prioritere, legg vi særleg vekt på behovet til dei som treng tenestene mest.Samstundes må vi gjere endringar, og vi prøver å gjere desse på ein måte som er fagleg forsvarleg og rettferdig.Har du eit spørsmål som du ynskjer svar på og som bør ligge her? Send inn til kommunen via kontaktskjema.Nyhende
Ny temaside og meir visuell informasjon Ørsta kommune står i ein økonomisk situasjon som krev tydelege prioriteringar og endringar. For å gi betre oversikt har vi laga ei ny temaside med mei... Publisert 18.06.2026 kl. 09:21
Ørsta kommune startar eit langsiktig omstillingsarbeid Ørsta kommune står i ein krevjande økonomisk situasjon. Kommunen må difor gjennomføre eit samla og langsiktig omstillingsarbeid for å sikre berekrafti... Publisert 16.06.2026 kl. 14:04
Reduserte opningstider for resepsjon og telefon ved helsestasjonen Frå 1. juni vert opningstida redusert for resepsjon og telefon ved helsestasjonen. Tenestene elles ved helsestasjonen går som normalt. Publisert 29.05.2026 kl. 09:09
Budsjett 2026 og økonomiplan 2026–2029 Kommunedirektøren sitt framlegg Publisert 06.11.2025 kl. 08:49