Heimehjelp er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp og praktisk bistand i eigen heim.
Formål med tenesta er at du gjennom tildelt praktisk bistand får hjelp til reingjering av huset slik at du kan leve og bu sjølstendig i eigen bustad.
Kven kan få tenesta?
Eldre, funksjonhemma og andre med langvarig sjukdom, som ikkje klarer å utføre allminnelege reinhaldsoppgåver sjølv.
Kva kan du forvente?
Allminneleg reinhald av rom som vert nytta til dageleg. Etter nærare avtale hjelp til støvtørking, klessvask og sengeskift.
Ørsta kommune ynskjer å legge til rette for at du sjølv kan delta til i arbeidet utifrå dine ressursar.
Kva kostar det?
Heimehjelp er ei betalingsteneste, satsane er vedteke av kommunestyret.
*Fastsett i sentral forskrift og kan bli endra.
1G = 124 028,- frå 01.05.24.
Abonnement
Etter eiga forskrift skal alle med inntekt under 2G betale maksimalt kroner 240,- per mnd. Brukarar som mottek tenester som medfører eigenbetaling som er høgare enn øvre tak i si inntekstgruppe, skal betale fast abonnement som vist i tabellen.
Dei som ikkje nyttar avtala hjelpeordning ein månad, får fritak for betaling den aktuelle månaden. Abonnementet går elles som avtala, sjølv om brukaren i einskilde månader ikkje gjer seg nytte av tiltaket fullt ut.
Betalingsvanskar
Brukarar av hjelpeordninga som grunna lav inntekt eller store utgifter har vanskar med å sikre eige livsopphald, kan i særlege tilhøve søkje om redusert betaling/fritak for eigenbetalinga.
Timesats
Betaling etter timesats gjeld for:
- kortvarige eller tilfeldige avtalar/vedtak om praktisk hjelp
- faste/varige avtalar med tal på timar som medfører månadsbetaling som er mindre enn abonnementbetalinga for si inntektsgruppe (sjå tabell)
Korleis søkje?
Søknadskjema
Utskiftsvenleg versjon
Når kan du vente svar?
Søknaden vert handsama så snart som råd og seinast innan 3 veker etter at den er motteken.
Meir om heimehjelp