TT-kort

TT-kort

Transporttenesta for forflyttningshemma er eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttningshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. 

Transporttenesta kan vere til hjelp slik at dei kan få høve til å delta i aktivitetar i nærmiljøet.

Tenesta er ikkje ein lovfesta rett, men eit velferdsgode som fylkeskommunen tilbyr innbyggjarane. Fylkeskommunen har ansvaret for ordninga.

Frå 1. juli 2026 overtek Møre og Romsdal fylkeskommune ansvaret for all brukargodkjenning og klagehandsaming knytt til TT‑kort. 

Samstundes trer nye retningslinjer i kraft. Desse inneber mellom anna at brukersonene M1 og M2 blir slått saman, og at årleg tildeling for denne brukargruppa blir auka til 4 500 kroner for året 2026. Det vil samtidig bli gjort frådrag for tildeling som allereie er gitt for første halvår 2026, frå same dato som fylkeskommunen overtek ansvaret for TT‑ordninga.

 

Kven kan få TT-kort?

  • Personar som grunna si funksjonshemming er varig forflytningshemma og difor har vesentlege vanskar med å reise kollektivt, kan søkje om TT-kort
  • Funksjonshemminga må vare i minst to år for at søkjar skal bli godkjent som TT-brukar
  • Nedre aldersgrense er 10 år
  • Manglande busstilbod eller vanskar med å bere gjev ikkje rett til TT-kort

Retningslinjer for TT-kort
 

Kva kan du bruke TT-kortet til?

TT-kortet er til fritidsreiser.

Du kan ikkje bruke TT-kortet til:

  • Eigenandel til reiser med TT-kort
  • Sjuketransport
  • Legebesøk
  • Andre reiser som vert dekt av NAV eller andre offentlege myndigheiter

 

Slik søkjer du om TT-kort

  • Fyll ut søknad om TT-kort
  • Legg ved legeerklæring

Last ned Søknadskjema

Last ned Legeerklæring

Send til fylkeskommunen. Meir informasjon finn du på heimesida til fylkeskommunen.