Veksten held fram i Ørsta

Utdrag frå tabell SSB, 7 kommunane på Søre Sunnmøre.

Ein strålande fornøgd ordførar Stein Aam kan igjen sjå at folketalet aukar i Ørsta kommune. Det harde og målretta arbeidet med å gjere Ørsta til å bli ein enno meir attraktiv plass å bu, ser ut til å lønne seg over tid.

I starten av november fekk ordføraren opne ein fantastisk ny bussterminal som kvar dag tek i mot 80 bussar med omlag 1500 passasjerar, og i går tysdag 21. november fekk han æra av å opne nybygget til Dalane barnehage, les meir her.  


- Det er tett mellom høgdepunkta og fantastisk kjekt å vere ordførar i Ørsta om dagen, seier ein ivrig Stein Aam.

 

Nærmar oss 11 000

I august skreiv vi også ein artikkel som viste auken i folketalet 2. kvartal, denne kan du lese her. Tala for 3. kvartal viser ei vedvarande auke i folketalet. Det siste året har folketalet auka med 0.9 %, mot 0.7 % mellom 2. kvartal 2017 - 2018.  

Dette gir ei total auke på 96 innbyggjarar det siste året (30.09.2017 - 30.09.2018), og 18 innbyggjarar sidan 2. kvartal. Ørsta har per 3. kvartal 10 878 innbyggjarar.

 

96 nye ørstingar viser igjen på inntektene

Økonomileiar Jan Inge Bueide har rekna ut kva auken i innbyggjartalet betyr for økonomien til kommunen, og 96 nye innbyggjarar betyr over 5,4 millionar kroner meir i potten til å gjere Ørsta til ein enno betre plass å bu. (NB: Innbyggjartalet får ikkje verknad på inntektene før året etter).

Til dette, kommenterer ordførar Stein Aam følgande:

- Når eg spør utflytta ørstingar om kva som skal til for å flytte heim, er svaret som regel jobb og fritidstilbod. Arbeidet som er gjort hittil med samfunnsutviklinga ser ut til å oppfylle nokre av desse krava, men vi må halde fram med arbeidet for å oppleve vekst også i åra framover. Dei økonomiske fordelane ved folketalsauken siste året, kjem difor godt med.

Følg oss