Ein kan ikkje klage på den feiande flotte markeringa denne skarpe novemberdagen. Dei heldige inviterte fekk både barnesong, talar og god bursdagsmeny med "Fru Åm si skatteskiste" og "Huldresmoothie". Dette var ein sunn og god måte å markere opninga på, og både born og vaksne gledde seg over dei gode fiskepakkane med smoothie til dessert.
Endeleg tilstrekkeleg med plass!
Matstund i lyse flotte inneområdeEllinor Sætre, styrar ved Dalane barnehage, ønska dei frammøtte velkomne til feiring:
- Vi er svært glade for at born og tilsette endeleg har fått tilstrekkeleg med plass. Vi vil takke foreldre, politikarar og administrasjon som har stått på for å få dette nybygget realisert. Barnehagen har fått ei ny og velfungerande avdeling for dei eldste og frigjort plass i det gamle bygget. Dei tilsette har fått garderobeplassar, møterom og kontor.
Viktig med lokal identitet
Både trø-traktor og lokale uttrykk er på plass i Dalane barnehageBarnehagen er flinke til å nytte lokale namn, ord og uttrykk i kvardagen. Dette går igjen i namnet på avdelingane, aktivitetane det vert lagt opp til og dialogen med borna. Styrar Ellinor seier at dette er bevisste grep for å skape tilknytning til området borna kjem i frå og deira identitet.
Dalane barnehage nyttar mellom anna namn frå gardsbygningar på romma. Døme på dette er:
- Smiå
- Kvennhuset
- Kårstova
- Stallen
- Kalvebingen
- Vårfjøsen
- Skjorahuset
- Stabburet.