Velkomen til den nye nettsida vår

Velkomen til den nye nettsida vår

Ingvild held ein laptop og viser fram den nye nettsida. - Klikk for stort bileteInformasjonskonsulent Ingvild Marie Taraldset viser fram den ny nettsida til Ørsta kommune. Elisabeth Sæbønes

Vi er stolte over å presentere den nye nettsida til kommunen. 

Brukaren i fokus

Informasjonen er oppdatert og omskriven til klarspråk for å gjere det enklare for innbyggjarane å finne det dei treng. Behovet til deg som brukar kommunen sine nettside og populære sider er gjort enklare å finn og vi har lagt mindre vekt på korleis kommunen er organisert.

Vi har i tillegg jobba med søkeoptimalisering, noko vi vil fortsette med utover sommaren.

Nye og endra funksjonar som:

  • Eiga Varsel-side der du samla finn oppdaterte varslar og meldingar om til dømes stengingar, pågåande arbeid, tekniske feil, ekstrem-vêrvarsel. 
  • Høyringar og kunngjeringar samla på ei side, med enkel tilgang til innsending av høyringsvar og tidlegare høyringar som har utgått frist. 
  • Eiga Sjølvbetening-side der vi har samle ein god del informasjon slik du lettare kan finne fram sjølv.
  • Du kan enkelt logge inn på “Min kommune” i frå menyen i toppen på sida.
  • Postlister, 

Sist lansering for 10 år sidan

Sist kommunen lanserte ny nettside var i 2015, så no var det kanskje på tide med ei oppdatering. Den nye nettsida har den same layouten som resten av kommunane på Søre Sunnmøre, noko som gir eit meir einskapleg uttrykk.

Vi arbeider kvar dag med å formidle viktig og tydeleg informasjon til innbyggjarane, og vi håpar de vil like den nye nettsida!

Framsidebilde av utsikta frå Helgehornet er teke av Per Olav Johansen Vadstein.

  • Tilbakemelding: Finn du ei side som manglar litt informasjon? Eller kanskje ei side du synst var spesielt god? Vi tar imot både ris, ros og innspel. Skriv til oss nedst på sida under: “Fann du det du leitar etter?”